Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Folket klagar, og Gud gjev dei mat

1. Folket tok til å klaga bittert til Herren. Då Herren høyrde det, vart vreiden hans tend. Herrens eld flamma opp mellom dei og herja i utkanten av leiren.

2. Folket ropa til Moses, og Moses bad til Herren. Då slokna elden.

3. Den staden kalla dei Tabera, fordi Herrens eld hadde flamma opp mellom dei der.

4. Rakkarpakket som følgde med dei, var umetteleg. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Kven kan gje oss kjøt å eta?» sa dei.

5. «Vi minnest fisken vi fritt kunne eta i Egypt, og agurkane, melonane og purren, lauken og kvitlauken.

6. No visnar vi bort, for her har vi ingen ting. Auga våre ser ikkje anna enn manna.»

7. Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae.

8. Folket sprang utover og sanka. Dei mol han på handkvern eller støytte han i mortar. Så kokte dei han i gryte og laga kaker av han. Smaken var som smaken av kaker baka med olje.

9. Når dogga fall over leiren om natta, fall mannaen med.

10. Moses høyrde folket jamra seg, den eine familien etter den andre, kvar frå inngangen til sitt eige telt. Då flamma Herrens vreide opp. Moses syntest det var ille.

11. Moses sa til Herren: Kvifor gjer du tenaren din så vondt? Kvifor finn eg ikkje nåde for auga dine? Du legg børa av heile folket på meg!

12. Er det eg som har unnfanga heile dette folket? Er det eg som har fødd det, sidan du seier: Ber det ved brystet, slik ei amme ber eit spedbarn, heilt fram til landet du med eid har lova fedrane deira!

13. Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket når dei jamrar seg og seier til meg: «Gjev oss kjøt å eta!»

14. Eg maktar ikkje å bera heile dette folket åleine. Det er for tungt for meg.

15. Er det slik du vil laga det for meg, så drep meg heller med ein gong, så sant eg har funne nåde for auga dine. Lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke!

16. Då sa Herren til Moses: Kall saman for meg sytti mann av dei eldste i Israel, dei du veit er eldste og tilsynsmenn i folket. Ta dei med til teltheilagdomen og lat dei stilla seg der saman med deg!

17. Eg skal koma ned og tala med deg der. Eg skal ta av den anden som er over deg, og leggja over på dei. Dei skal bera børa av folket saman med deg, så du ikkje treng bera åleine.

18. Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. For Herren har høyrt at de har jamra og sagt: «Kven kan gje oss kjøt å eta? Vi hadde det betre i Egypt.» No skal Herren gje dykk kjøt.

19. Ikkje éin dag skal de eta det, og ikkje to, ikkje fem dagar eller ti dagar eller tjue dagar,

20. men ein heil månad, heilt til det kjem ut or naseborene på dykk og byd dykk imot. For de vraka Herren som er midt imellom dykk. De jamra dykk for hans andlet og sa: «Kvifor drog vi ut frå Egypt?»

21. Då sa Moses: «Det folket eg har med meg, tel 600 000 mann til fots. Og så seier du: Eg skal gje dei kjøt så dei kan eta ein heil månad.

22. Skal vi slakta så mykje småfe og storfe at det rekk til for dei? Eller skal vi samla all fisken i havet, så dei får nok?»

23. Herren sa til Moses: «Er Herrens arm for veik? No skal du sjå om det går som eg har sagt, eller ikkje.»

24. Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti mann av dei eldste i folket og bad dei stå omkring teltet.

25. Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Og då anden kvilte over dei, tala dei profetisk. Men dei heldt ikkje fram med det.

26. To av mennene hadde vorte att i leiren, den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kvilte anden, for dei var mellom dei oppskrivne, men hadde ikkje gått ut til teltet. Dei profeterte i leiren.

27. Då sprang ein gut av stad og fortalde til Moses: «Eldad og Medad profeterer i leiren!»

28. Josva, son til Nun, som hadde vore tenar hos Moses sidan han var ung, sa då: «Moses, min herre, stans dei!»

29. Men Moses svara: «Er du sjalu på mine vegner? Gjev alt Herrens folk var profetar! Måtte Herren gje dei alle sin Ande!»

30. Så gjekk Moses tilbake til leiren saman med Israels eldste.

31. Då kom ein vind frå Herren som førte vaktlar inn frå havet i ei høgd på omkring to alner over bakken. Vinden strødde dei ut omkring leiren, så langt som ei dagsreise på den eine sida og ei dagsreise på den andre.

32. Folket samla vaktlar heile den dagen og heile natta og heile dagen etter. Dei som sanka minst, sanka ti homer. Og dei la dei utover kring heile leiren.

33. Medan kjøtet enno var mellom tennene på dei, før det var togge ferdig, flamma Herrens vreide opp mot folket. Han slo dei med ein frykteleg pest.

34. Denne staden kalla dei Kibrot-Hattaava, for der gravla folket dei som hadde vore grådige.

35. Frå Kibrot-Hattaava drog folket til Haserot, og i Haserot vart dei verande ei tid.