Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. sa Herren til Moses og presten Elasar, son til Aron:

2. «Tel opp heile Israelsfolket, familie for familie, alle stridsføre menn i Israel som er tjue år eller meir!»

3. Då sa Moses og presten Elasar frå om dette på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Dei sa:

4. «– alle som er tjue år eller meir, slik Herren har pålagt Moses!»Dette er etterkomarane av dei israelittane som drog ut frå Egypt:

5. Ruben, Israels førstefødde, og Rubens etterkomarar: Frå Henok kjem Henok-slekta, frå Pallu Pallu-slekta,

6. frå Hesron Hesron-slekta og frå Karmi Karmi-slekta.

7. Det var Ruben-slektene, og av dei vart 43 730 mønstra.

8. Son til Pallu var Eliab,

9. og sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var Datan og Abiram, menn som var utvalde frå forsamlinga, som gjorde opprør mot Moses og Aron den gongen Korahs forsamling sette seg opp mot Herren.

10. Jorda opna gapet og slukte både dei og Korah då forsamlinga hans omkom, den gongen elden gjorde ende på to hundre og femti mann. Dei vart eit teikn til åtvaring.

11. Men sønene til Korah mista ikkje livet.

12. Dette er etterkomarane av Simon, slekt for slekt: Frå Nemuel kjem Nemuel-slekta, frå Jamin Jamin-slekta, frå Jakin Jakin-slekta,

13. frå Serah Serah-slekta og frå Saul Saul-slekta.

14. Det var Simon-slektene, 22 200 i talet.

15. Dette er etterkomarane av Gad, slekt for slekt: Frå Sefon kjem Sefon-slekta, frå Haggi Haggi-slekta, frå Sjuni Sjuni-slekta,

16. frå Osni Osni-slekta, frå Eri Eri-slekta,

17. frå Arod Arod-slekta og frå Areli Areli-slekta.

18. Det var slektene til Gad-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500.

19. Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan.

20. Dette er etterkomarane av Juda, slekt for slekt: Frå Sjela kjem Sjela-slekta, frå Peres Peres-slekta og frå Serah Serah-slekta.

21. Dette er etterkomarane av Peres: Frå Hesron kjem Hesron-slekta og frå Hamul Hamul-slekta.

22. Det var Juda-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500.

23. Etterkomarane av Jissakar, slekt for slekt: Frå Tola kjem Tola-slekta, frå Puvva Puvva-slekta,

24. frå Jasjub Jasjub-slekta og frå Sjimron Sjimron-slekta.

25. Det var Jissakar-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300.

26. Etterkomarane av Sebulon, slekt for slekt: Frå Sered kjem Sered-slekta, frå Elon Elon-slekta og frå Jahleel Jahleel-slekta.

27. Det var Sebulon-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500.

28. Etterkomarane av Josef, slekt for slekt, Manasse og Efraim:

29. Dette er etterkomarane av Manasse: Frå Makir kjem Makir-slekta og frå Gilead Gilead-slekta. Makir var far til Gilead.

30. Og dette er etterkomarane av Gilead: Frå Jeser kjem Jeser-slekta, frå Helek Helek-slekta,

31. frå Asriel Asriel-slekta, frå Sikem Sikem-slekta,

32. frå Sjemida Sjemida-slekta og frå Hefer Hefer-slekta.

33. Selofhad, son til Hefer, hadde ingen søner, berre døtrer. Namna på døtrene til Selofhad var Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.

34. Det var Manasse-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 52 700.

35. Dette er etterkomarane av Efraim, slekt for slekt: Frå Sjutelah kjem Sjutelah-slekta, frå Beker Beker-slekta og frå Tahan Tahan-slekta.

36. Dette er etterkomarane av Sjutelah: Frå Eran kjem Eran-slekta.

37. Det var slektene til Efraim-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 32 500. Det var etterkomarane av Josef, slekt for slekt.

38. Dette er etterkomarane av Benjamin, slekt for slekt: Frå Bela kjem Bela-slekta, frå Asjbel Asjbel-slekta, frå Ahiram Ahiram-slekta,

39. frå Sjufam Sjufam-slekta og frå Hufam Hufam-slekta.

40. Bela hadde desse etterkomarane: Ard og Naaman. Frå Ard kjem Ard-slekta og frå Naaman Naaman-slekta.

41. Det var etterkomarane av Benjamin, slekt for slekt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 600.

42. Dette er etterkomarane av Dan, slekt for slekt: Frå Sjuham kjem Sjuham-slekta. Det var Dan-slektene, slekt for slekt.

43. Talet på dei som høyrde Sjuham-slektene til, var 64 400.

44. Dette er etterkomarane av Asjer, slekt for slekt: Frå Jimna kjem Jimna-slekta, frå Jisjvi Jisjvi-slekta, frå Beria Beria-slekta.

45. Etterkomarane av Beria er: frå Heber Heber-slekta og frå Malkiel Malkiel-slekta.

46. Asjers dotter heitte Sera.

47. Det var slektene til Asjer-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 53 400.

48. Dette er etterkomarane av Naftali, slekt for slekt: Frå Jahseel kjem Jahseel-slekta, frå Guni Guni-slekta,

49. frå Jeser Jeser-slekta og frå Sjillem Sjillem-slekta.

50. Det var Naftali-slektene, slekt for slekt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400.

51. Dette var dei av israelittane som vart mønstra, 601 730 i alt.

52. Herren sa til Moses:

53. «Mellom desse skal landet fordelast til odel og eige, etter folketalet.

54. Til dei talrike skal du gje ein stor eigedom og til dei fåtalige ein mindre. Kvar stamme skal få eigedom etter kor mange som vart mønstra.

55. Landet skal delast ved loddkasting. Dei skal få arvedel etter namna på stammane til fedrane deira.

56. Etter som loddet fell, skal kvar stamme, stor eller liten, få sin eigedom.»

57. Dette er dei levittane som vart mønstra, slekt for slekt: frå Gersjon Gersjon-slekta, frå Kehat Kehat-slekta og frå Merari Merari-slekta.

58. Desse slektene kjem frå levittane: Libni-slekta, Hebron-slekta, Mahli-slekta, Musji-slekta og Korah-slekta. Kehat fekk sonen Amram;

59. kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Ho fødde Amram sønene Aron og Moses og syster deira, Mirjam.

60. Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

61. Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigsla eld fram for Herren.

62. Talet på levittane var 23 000 når alle menn og alle gutar som var meir enn ein månad gamle, var medrekna. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, fordi dei ikkje fekk nokon eigedom som dei andre israelittane.

63. Dette er dei som vart mønstra då Moses og presten Elasar mønstra israelittane på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

64. Blant desse var det ingen att av dei som vart mønstra den gongen Moses og presten Aron mønstra israelittane i Sinai-ørkenen.

65. For Herren hadde sagt til dei at dei skulle døy i ørkenen. Av dei var det ingen annan att enn Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.