Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Korleis israelittane skal halda påske

1. Herren tala til Moses i Sinai-ørkenen i den første månaden i det andre året etter at dei hadde gått ut av landet Egypt. Han sa:

2. «Israelittane skal halda påske til fastsett tid.

3. Den fjortande dagen i denne månaden, i skumringa, skal de halda høgtida til fastsett tid. De skal halda henne etter alle lover og forskrifter.»

4. Då sa Moses til israelittane at dei skulle halda påske.

5. Dei heldt påske i Sinai-ørkenen, i den første månaden på den fjortande dagen, i skumringa. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde pålagt Moses.

6. Det var nokre menn som hadde kome nær eit lik og vorte ureine, så dei ikkje kunne halda påske den dagen. Dei samla seg framfor Moses og Aron same dagen.

7. Desse mennene sa: «Vi kom nær eit lik og vart ureine. Kvifor blir vi nekta å bera fram Herrens offer på høgtida saman med dei andre israelittane?»

8. Då svara Moses: «Vent, så skal eg høyra kva Herren pålegg dykk.»

9. Herren sa til Moses:

10. Tal til israelittane og sei: Kvar den som kjem nær eit lik og blir urein, eller som er på ei lang reise, anten det er av dykk eller etterkomarane dykkar, og som ønskjer å halda påske for Herren,

11. skal halda han i den andre månaden, på den fjortande dagen. Med usyra brød og bitre urter skal dei eta påskelammet.

12. Dei må ikkje la noko av lammet bli att til neste morgon eller bryta noko bein på det. Dei skal halda påske i samsvar med forskriftene.

13. Om ein mann som er rein og ikkje er på reise, lèt vera å halda påske, skal han utryddast av folket sitt fordi han ikkje bar fram Herrens offer på høgtida. Den mannen må bera straffa for si synd.

14. Når ein innflyttar som bur hos dykk, vil halda påske for Herren, skal han feira i samsvar med dei lovene og forskriftene som gjeld for høgtida. Ei og same ordning skal gjelda for dykk, både for innflyttaren og for den som er fødd i landet.

Skya over bustaden

15. Den dagen bustaden vart reist, dekte skya bustaden, altså vitnemålsteltet. Om kvelden låg ho over bustaden og såg ut som eld, heilt til om morgonen.

16. Slik var det alltid. Skya dekte teltet, og om natta såg det ut som eld.

17. Kvar gong skya lyfte seg frå teltet, braut israelittane opp, og på den staden der skya stansa, slo dei leir.

18. På Herrens ord braut israelittane opp, og på Herrens ord slo dei leir. Så lenge skya låg over bustaden, heldt dei seg i leiren.

19. Når skya låg over bustaden i fleire dagar, heldt israelittane Herrens påbod. Dei braut ikkje opp.

20. Det hende at skya låg nokre få dagar over bustaden. På Herrens ord heldt dei seg i leiren, og på Herrens ord braut dei opp.

21. Det hende at skya låg frå kveld til morgon. Når skya lyfte seg om morgonen, braut israelittane opp. Anten det var dag eller natt, braut dei opp når skya lyfte seg.

22. Anten skya låg over bustaden eit par dagar eller ein månad eller endå lenger, heldt israelittane seg i leiren og braut ikkje opp. Men når skya lyfte seg, braut dei opp.

23. På Herrens ord slo dei leir, og på Herrens ord braut dei opp. På Herrens ord gjennom Moses heldt dei Herrens påbod.