Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Trompetsignal og oppbrot

1. Herren sa til Moses:

2. Lag deg to trompetar! Du skal laga dei av hamra sølv. Du skal bruka dei når du kallar forsamlinga saman, og når leiren skal brytast.

3. Når dei blæs i dei, skal heile forsamlinga koma saman hos deg ved opninga til teltheilagdomen.

4. Blæs dei berre i den eine, skal leiarane, overhovuda for Israels tusen, samlast hos deg.

5. Når de blæs lange støytar, skal dei som har leir mot aust, bryta opp.

6. Når de blæs lange støytar andre gongen, skal dei som har leir mot sør, bryta opp. Lange støytar skal blåsast når dei skal bryta opp.

7. Når de kallar forsamlinga saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa lange støytar.

8. Det er Aron-sønene, prestane, som skal blåsa i trompetane. Dette skal vera ei evig ordning for dykk, frå slekt til slekt.

9. Når de dreg i krig i dykkar eige land mot ein fiende som går til åtak på dykk, skal de blåsa lange støytar på trompetane. Då skal Herren dykkar Gud minnast dykk, så de blir berga frå fiendane.

10. På glededagane og i høgtidene og på nymånedagane dykkar skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og fredsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hos dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.

Israelittane tek ut frå Sinai

11. I det andre året, på den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå vitnemålsbustaden.

12. Då braut israelittane opp frå Sinai-ørkenen og drog fram i dagsmarsjar. Og skya stansa i Paran-ørkenen.

13. Dette var første gongen dei braut opp på Herrens ord gjennom Moses.

14. Leiren til Juda-sønene braut først opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Nahsjon, son til Amminadab.

15. Hærføraren for Jissakar-stammen var Netanel, son til Suar.

16. Hærføraren for Sebulon-stammen var Eliab, son til Helon.

17. Så vart bustaden teken ned, og dei som skulle bera han, Gersjon-sønene og Merari-sønene, braut opp.

18. Så braut Ruben-leiren opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærførar var Elisur, son til Sjede'ur.

19. Hærførar for Simon-stammen var Sjelumiel, son til Surisjaddai.

20. Hærførar for Gad-stammen var Eljasaf, son til De'uel.

21. Så braut kehatittane opp, dei som bar dei heilage tinga. Før dei kom fram, skulle bustaden reisast.

22. Så braut leiren til Efraim-sønene opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Elisjama, son til Ammihud.

23. Hærførar for Manasse-stammen var Gamliel, son til Pedasur.

24. Hærførar for Benjamin-stammen var Abidan, son til Gidoni.

25. Så braut leiren til Dan-sønene opp under sitt banner, som baktropp for alle leirane, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Ahieser, son til Ammisjaddai.

26. Hærførar for Asjer-stammen var Pagiel, son til Okran.

27. Hærførar for Naftali-stammen var Ahira, son til Enan.

28. Slik var avmarsjen då israelittane drog av stad, hæravdeling for hæravdeling.

29. Moses sa til svogeren sin, Hobab, son til Re'uel frå Midjan: «No bryt vi opp og dreg til den staden som Herren sa han ville gje oss. Kom med oss, så skal vi sørgja godt for deg. For Herren har lova det gode for Israel.»

30. Hobab svara: «Eg blir ikkje med, eg går heller heim til mitt eige land og mi eiga slekt.»

31. Då sa Moses: «Gå ikkje frå oss! Du veit best kvar vi skal slå leir i ørkenen. Du må vera auge for oss.

32. Går du med oss, skal vi la alt det gode som Herren gjer mot oss, òg koma deg til gode.»

33. Så braut dei opp og drog frå Herrens fjell, tre dagsreiser. Og Herrens paktkiste drog føre dei, tre dagsreiser, for å finna ein kvilestad for dei.

34. Herrens sky var over dei om dagen når dei braut opp frå leiren.

35. Kvar gong kista braut opp, sa Moses:«Reis deg, Herre!Lat fiendane dine bli spreiddeog motstandarane dine flykta for deg!»

36. Og når ho var i ro, sa han:«Kom tilbake, Herre,til Israels ti tusen gonger tusen!»