Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den første dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då skal de ikkje gjera noko tungt arbeid. Det skal vera ein dag då hornet skal ljoma hos dykk.

2. De skal bera fram brennoffer til godange for Herren: ein ung okse, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil.

3. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren

4. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

5. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk.

6. Dette skal de ofra i tillegg til nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet, med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til, slik regelen seier. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.

7. Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. De skal visa måtehald og ikkje gjera noko arbeid.

8. De skal ofra brennoffer til godange for Herren: ein okse, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil.

9. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren

10. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

11. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det sonande syndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

12. Den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då skal de ikkje gjera noko slags arbeid. I sju dagar skal de feira høgtid for Herren.

13. De skal ofra brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren: tretten unge oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam. Dei skal vera utan feil.

14. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar av dei tretten oksane, to tiandedels efa for kvar av dei to vêrane

15. og ein tiandedels efa for kvart av dei fjorten lamma.

16. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

17. Den andre dagen skal de ofra tolv unge oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.

18. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.

19. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

20. Den tredje dagen skal de ofra elleve oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.

21. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.

22. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

23. Den fjerde dagen skal de ofra ti oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.

24. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.

25. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

26. Den femte dagen skal de ofra ni oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.

27. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.

28. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

29. Den sjette dagen skal de ofra åtte oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.

30. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.

31. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

32. Den sjuande dagen skal de ofra sju oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.

33. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.

34. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

35. Den åttande dagen skal de halda ei høgtidssamling. Då må de ikkje gjera noko slags arbeid.

36. De skal bera fram brennoffer, gåveoffer til godange for Herren: ein okse, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil.

37. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.

38. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

39. Desse offera skal de bera fram for Herren til fastsette tider, i tillegg til lovnadsoffera og dei frivillige offera, anten det er brennoffer, grødeoffer, drikkoffer eller måltidsoffer.