Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Grødeofferet

1. Når nokon vil bera fram eit grødeoffer for Herren, skal offergåva vera fint mjøl. Han skal hella olje over og leggja røykjelse oppå

2. og gå med det til Arons søner, prestane. Presten skal ta ei handfull av mjølet og oljen saman med all røykjelsen og la det gå opp i røyk som eit påminningsoffer på altaret, eit gåveoffer til godange for Herren.

3. Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha, ein høgheilag del av Herrens gåveoffer.

4. Når du ber fram eit grødeoffer som er steikt i omn, skal det vera av fint mjøl, anten runde, usyra kaker blanda med olje, eller usyra, flatt brød smurt med olje.

5. Er offergåva di eit grødeoffer som er steikt på helle, skal det òg vera av fint mjøl som er blanda med olje, og usyra.

6. Du skal bryta det i bitar og hella olje over det. Dette er eit grødeoffer.

7. Er offergåva di eit grødeoffer laga til i gryte, skal det lagast av fint mjøl og olje.

8. Du skal koma fram for Herren med grødeofferet som er laga til av dette, og gje det til presten, og han skal bera det fram til altaret.

9. Presten skal ta påminningsofferet ut av grødeofferet og brenna det på altaret som eit gåveoffer til godange for Herren.

10. Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha, ein høgheilag del av Herrens gåveoffer.

11. Alle grødeoffer som de vil bera fram for Herren, skal vera usyra. Surdeig eller honning må de framfor alt ikkje la gå opp i røyk som gåveoffer for Herren.

12. Som offergåve av førstegrøda kan de bera dei fram for Herren, men dei skal ikkje ofrast på altaret til ein god ange.

13. Alle grødeoffer skal du salta. Lat aldri saltet som høyrer til pakta med din Gud, mangla i grødeofferet. Til alle offergåvene dine skal du ofra salt.

14. Dersom du ber fram for Herren eit offer av førstegrøda, skal du ofra kornaks som er steikte over elden. Knust korn av nymogne aks skal du bera fram som offer av førstegrøda.

15. Du skal hella olje over og leggja røykjelse på det. Dette er eit grødeoffer.

16. Presten skal la påminningsofferet av det knuste kornet og oljen gå opp i røyk saman med all røykjelsen. Dette er eit gåveoffer for Herren.