Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Lysestaken og skodebrøda

1. Herren sa til Moses:

2. Gjev bod til israelittane at dei skal koma med rein olje av knust oliven til lampene, så det alltid kan tennast lys!

3. I teltheilagdomen, utanfor forhenget som er framfor kista med vitnemålet, skal Aron sørgja for at lampene støtt brenn for Herrens andlet frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter.

4. Han skal setja opp lampene på lysestaken av reint gull, så dei alltid står for Herrens andlet.

5. Så skal du ta fint mjøl og baka tolv runde kaker. I kvar kake skal det vera to tiandedelar av eit mål.

6. Og du skal leggja dei i to rader, seks i kvar rad, på bordet av reint gull for Herrens andlet.

7. På kvar rad skal du leggja rein røykjelse. Det skal vera eit påminningsoffer for brøda, eit gåveoffer for Herren.

8. I all framtid skal brøda leggjast fram for Herrens andlet, sabbat etter sabbat. Det er ei evig pakt hos israelittane.

9. Brøda høyrer Aron og sønene hans til, og dei skal eta dei på ein heilag stad. Dei er høgheilage og er hans del av Herrens gåveoffer. Det er ei evig forskrift.

Spott mot Herrens namn

10. Mellom israelittane var det ein mann som var son til ei israelittisk kvinne, men som hadde ein egyptisk far. I leiren kom sonen av den israelittiske kvinna i krangel med ein israelitt.

11. Denne sonen spotta Namnet og forbanna det. Då førte dei han til Moses. Mor hans heitte Sjelomit og var dotter til Dibri frå Dan-stammen.

12. Dei heldt han i forvaring til saka kunne avgjerast med eit ord frå Herren.

13. Og Herren sa til Moses:

14. Før spottaren utanfor leiren! Alle som høyrde han, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile forsamlinga skal steina han.

15. Så skal du seia til israelittane: Den som forbannar sin Gud, fører synd over seg.

16. Og den som spottar Herrens namn, skal døy; heile lyden skal steina han. Anten han er innflyttar eller fødd i landet, skal han drepast når han spottar Namnet.

17. Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy.

18. Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det, liv for liv.

19. Når nokon skader landsmannen sin på kroppen, skal det same gjerast med han som han sjølv har gjort:

20. brot for brot, auge for auge, tann for tann. Den same skaden som han gjer ein annan, skal han sjølv få.

21. Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det. Men den som slår i hel eit menneske, skal døy.

22. Éi lov skal gjelda for dykk, anten de er innflyttarar eller fødde i landet. For eg er Herren dykkar Gud.

23. Dette sa Moses til israelittane, og dei førte spottaren ut or leiren og steina han. Israelittane gjorde som Herren hadde sagt til Moses.