Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Heilagdomslova

Den rette offerstaden

1. Herren sa til Moses:

2. Tal til Aron og sønene hans og til alle israelittane og sei til dei: Dette er det som Herren har bode:

3. Det kan henda at ein eller annan frå Israels hus slaktar ein okse, ein sau eller ei geit, i leiren eller utanfor leiren,

4. men ikkje kjem til inngangen til teltheilagdomen med dyret for å bera fram eit offer til Herren framfor Herrens bustad. Då skal det reknast som blodskuld for den mannen. Han har aust ut blod. Mannen skal støytast ut frå folket sitt.

5. Difor skal israelittane koma til Herren med dei slaktoffera som dei før har ofra ute på marka, ta dei med til inngangen til teltheilagdomen, til presten, og ofra dei som fredsoffer til Herren.

6. Presten skal stenka blodet på Herrens altar, det som står attmed inngangen til teltheilagdomen, og brenna feittet til godange for Herren.

7. Dei skal ikkje lenger ofra slaktoffera sine til bukkane som dei har drive hor med. Dette skal vera ei evig forskrift for dei gjennom alle slekter.

8. Og du skal seia til dei: Det kan henda at ein eller annan, frå Israels hus eller mellom innflyttarane som bur hos dei, ofrar eit brennoffer eller slaktoffer,

9. men ikkje kjem til inngangen til teltheilagdomen med det for å ofra det til Herren. Den mannen skal støytast ut frå folket sitt.

Forbod mot å eta blod

10. Kvar den frå Israels hus eller av innflyttarane som bur hos dei, som et blod, skal eg venda meg mot og støyta ut frå folket hans.

11. For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for livet dykkar. Blodet sonar fordi livet er i det.

12. Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur hos dykk, må eta blod.

13. Kvar den av israelittane eller av innflyttarane som bur hos dei, som fangar eit vilt dyr eller ein fugl som kan etast, han skal la blodet renna ut og ha jord over det.

14. For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal støytast ut.

15. Kvar person, anten han er fødd i landet eller er innflyttar, som har ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, skal vaska kleda sine og bada. Han er urein heilt til kvelds. Då er han rein att.

16. Dersom han ikkje vaskar kleda og badar, fører han skuld over seg.