Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Den store soningsdagen

1. Herren tala til Moses etter at dei to sønene til Aron var døde, dei som døydde då dei steig fram for Herrens andlet.

2. Herren sa til Moses: Sei til Aron, bror din, at han ikkje kva tid som helst skal gå innanfor forhenget i heilagdomen, fram til soningsstaden som er loket på paktkista, for då må han døy. For eg viser meg i skya over soningsstaden.

3. Dette skal Aron ha med seg når han går inn i heilagdomen: ein ung okse til syndoffer og ein vêr til brennoffer.

4. Han skal kle seg i ein heilag kjortel av lin, dekkja kroppen med ei bukse av lin, spenna eit linbelte om livet og ta på seg ein turban av lin. Dette er dei heilage kleda. Han skal vaska kroppen med vatn før han tek dei på seg.

5. Frå Israels forsamling skal han ta to geitebukkar til syndoffer og ein vêr til brennoffer.

6. Aron skal leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og sitt hus.

7. Så skal han ta dei to bukkane og stilla dei fram for Herrens andlet, i inngangen til teltheilagdomen.

8. Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel.

9. Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og laga til som syndoffer.

10. Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens andlet. Ved han skal det gjerast soning når han blir send ut i ørkenen til Asasel.

11. Aron skal leia fram sin eigen syndofferokse og gjera soning for seg og sitt hus. Han skal slakta syndofferoksen sin.

12. Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret framfor Herrens andlet, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget.

13. Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens andlet så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden som er over vitnemålet; elles må han døy.

14. Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren mot soningsstaden, på austsida. Framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.

15. Så skal han slakta den syndofferbukken som er for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Han skal gjera med blodet som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.

16. Han skal gjera soning for heilagdomen på grunn av ureinskapen til israelittane, lovbrota og alle syndene deira. Såleis skal han gjera med teltheilagdomen, som står hos dei midt i ureinskapen deira.

17. Det må ikkje finnast noko menneske i teltheilagdomen frå Aron går inn for å gjera soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Han skal gjera soning for seg og sitt hus og for heile Israels forsamling.

18. Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens andlet, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt om på altarhorna.

19. Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren, reinsa det frå ureinskapen til israelittane og gjera det heilagt.

20. Når Aron har fullført soninga for den heilage staden, teltheilagdomen og altaret, skal han leia fram den levande bukken,

21. leggja begge hendene på hovudet til bukken og sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira. Han skal leggja dei på hovudet til bukken. Så skal han la ein mann som står ferdig, senda han ut i ørkenen.

22. Bukken skal bera alle syndene deira ut i villmarka. Bukken skal sendast ut i ørkenen.

23. Så skal Aron gå inn i teltheilagdomen og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der.

24. Han skal vaska kroppen med vatn på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og laga til sitt eige brennoffer og brennofferet for folket. Han skal gjera soning for seg og for folket.

25. Han skal la feittet av syndofferet gå opp i røyk på altaret.

26. Den mannen som sende bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han få koma inn i leiren.

27. Når blodet er bore inn i heilagdomen til soning, skal syndofferoksen og syndofferbukken førast ut av leiren, og skinnet og kjøtet og mageinnhaldet skal brennast.

28. Den som brenner det, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han koma inn i leiren.

29. Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: I den sjuande månaden, på den tiande dagen, skal de audmjuka dykk. De skal ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd i landet, eller innflyttaren som bur hos dykk.

30. For den dagen skal det gjerast soning for dykk så de blir reine. De skal reinsast frå alle syndene dykkar for Herrens andlet.

31. Ein sabbat, ein kviledag skal han vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Det er ei evig forskrift.

32. Den presten som blir salva og innsett til å gjera presteteneste etter far sin, skal stå for soninga. Han skal ta på seg linkleda, dei heilage kleda,

33. og gjera soning for Det høgheilage. Han skal gjera soning for teltheilagdomen og altaret, for prestane og for heile folket som er samla.

34. Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: Éin gong om året skal det gjerast soning for syndene til israelittane.Det som Herren hadde bode Moses, vart utført.