Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Reine og ureine dyr

1. Herren sa til Moses og Aron:

2. Sei til israelittane: Dette er dei dyra som de kan eta av alle dyreslag på jorda:

3. Alle som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta.

4. Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar eller som har klauver: kamelen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;

5. og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;

6. og haren, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;

7. og grisen, for han har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje, han er urein for dykk.

8. Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane må de ikkje røra. Dei er ureine for dykk.

9. Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, anten det lever i hav eller elvar, kan de eta.

10. Men alt som ikkje har finnar og skjel, anten det finst i havet eller i elvane, alt som yrer i vatnet, alt som lever der, det skal vera motbydeleg for dykk.

11. Dei skal vera motbydelege for dykk. Kjøtet av dei må de ikkje eta, og dei daude kroppane skal vera motbydelege for dykk.

12. Alt i vatnet som ikkje har finnar og skjel, skal vera motbydeleg for dykk.

13. Desse fuglane skal vera motbydelege for dykk. Dei må ikkje etast, for dei er motbydelege: ørna, lammegribben og svartgribben,

14. glenten og alle slag falkar,

15. alle slag ramnar,

16. strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,

17. kattugla, skarven og hubroen,

18. slørugla, pelikanen og åtselgribben,

19. storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

20. Alt kryp som har venger og går på fire, skal vera motbydeleg for dykk.

21. Men desse kan de eta av alt kryp som har venger og går på fire: det som ovanfor føtene har legger til å hoppa på marka med.

22. Av dei kan de eta desse: arbe-grashopper, solam-grashopper, hargol-grashopper og hagab-grashopper av alle slag.

23. Men alt anna kryp som har venger og fire føter, skal vera motbydeleg for dykk.

24. Dette er dei dyra som de blir ureine av. Den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds.

25. Den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine. Han er urein til kvelds:

26. Alle dyr som har hovar og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk. Kvar den som kjem nær dei, blir urein.

27. Og alle firføtte dyr som går på labbar, er ureine for dykk. Den som kjem nær den daude kroppen, er urein heilt til kvelds.

28. Og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Dei er ureine for dykk.

29. Av smådyra som myldrar på jorda, er desse ureine for dykk: moldvarpen, musa og alle slag firfisler,

30. anaka-firfisla, koah-firfisla, letaa-firfisla, salamanderen og kameleonen.

31. Desse smådyra er ureine for dykk. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds.

32. Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, blir ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint.

33. Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, blir alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund.

34. Kjem det vatn derifrå på noko som kan etast, blir det ureint. Alt som kan drikkast, blir ureint i slike kar.

35. Alt det som eit av desse daude dyra dett ned på, blir ureint. Anten det er ein bakaromn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk.

36. Berre kjelder og brønnar som det samlar seg vatn i, er framleis reine. Men den som kjem nær det daude dyret, blir urein.

37. Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.

38. Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, er kornet ureint for dykk.

39. Når eit dyr som de kan eta, døyr, då er den som kjem nær det daude dyret, urein heilt til kvelds.

40. Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda, og han er urein heilt til kvelds.

41. Alle smådyra som myldrar på jorda, er motbydelege. Dei må ikkje etast.

42. Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er motbydelege.

43. Gjer ikkje dykk sjølve motbydelege ved smådyr av noko slag! Gjer dykk ikkje ureine ved dei, så de ikkje sjølve blir ureine!

44. For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage. For eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine ved smådyra som det kryr av på jorda.

45. For eg er Herren som førte dykk opp frå Egypt for å vera dykkar Gud. De skal vera heilage, for eg er heilag.

46. Dette er lova om dyra og fuglane, om alle levande skapningar som det kryr av i vatnet, og om alle dyr som myldrar på jorda.

47. Ho skil mellom ureint og reint, mellom dyr som kan etast, og dyr som ikkje kan etast.