Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det kan henda at ein person gjer ei synd:Han vitnar ikkje om noko han har sett eller har kjennskap til, sjølv om han har fått rettsleg innkalling til å vitna. Då må han sjølv ta straffa si.

2. Eller personen rører ved noko som er ureint, den døde kroppen av eit ureint villdyr eller av eit ureint husdyr eller av eit ureint kryp. Han var ikkje klar over det, men blir likevel urein. Han har ført skuld over seg.

3. Eller han rører ved noko ureint hos menneske, kva ureinskap som helst som ein blir urein av. Han var ikkje klar over det, men blir merksam på det. Han har ført skuld over seg.

4. Eller personen sver tankelaust at han vil gjera eit eller anna, vondt eller godt, kva det så kan vera eit menneske sver på i tankeløyse. Han var ikkje klar over det, men blir merksam på det. Han har ført skuld over seg på ein av desse måtane.

5. Den som slik har ført skuld over seg, skal sanna den synda han har gjort,

6. og koma til Herren med eit skuldoffer for synda han har gjort. Skuldofferet skal vera eit hodyr av småfeet, ein sau eller ei geit. Så skal presten gjera soning for synda for han.

7. Dersom han ikkje har råd til ein sau, skal han til skuldoffer for synda si koma fram for Herren med to turtelduer eller to dueungar, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer.

8. Han skal koma til presten med dei, og presten skal først bera fram den dua som er til syndoffer. Han skal vri om hovudet på henne tett oppmed nakken, men ikkje riva det av.

9. Så skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal pressast ut nedmed foten av altaret. Det er eit syndoffer.

10. Av den andre dua skal han laga til eit brennoffer, slik det er fastsett. Såleis skal presten gjera soning for han for den synda han har gjort, så han får tilgjeving.

11. Dersom han ikkje har råd til to turtelduer eller to dueungar, skal han koma med ein tiandedels efa fint mjøl som offergåve for synda; det er syndofferet hans. Han skal ikkje ha olje på det og ikkje leggja røykjelse oppå. For det er eit syndoffer.

12. Han skal koma til presten med det, og presten skal ta ein neve av mjølet til påminningsoffer og la det gå opp i røyk på altaret saman med Herrens gåveoffer. Det er eit syndoffer.

13. Såleis skal presten gjera soning for han for den av desse syndene som han har gjort, så han får tilgjeving. Det som er att av offeret, skal høyra presten til, på same måten som med grødeofferet.

Skuldofferet

14. Herren sa til Moses:

15. Når ein person syndar av vanvare og tek for seg av det som er heilagt for Herren, og såleis handlar trulaust, då skal han koma med skuldofferet sitt til Herren: ein feilfri vêr av småfeet til skuldoffer, verdsett i sølvsjekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

16. Han skal gje vederlag for synda si mot det heilage, og i tillegg skal han gje ein femtepart til presten. Presten skal gjera soning for han med skuldoffervêren, så han får tilgjeving.

17. Dersom nokon syndar og gjer noko Herrens bod forbyr, utan å vita det og slik fører skuld over seg, då må han sjølv bera skulda for dette.

18. Han skal koma til presten med eit skuldoffer, ein feilfri vêr av småfeet, verdsett som eit fullgodt offer. Og presten skal gjera soning for han for den synda han har gjort av vanvare, utan å vita om det, så han får tilgjeving.

19. Det er eit skuldoffer. Han har ført skuld over seg for Herren.

20. Herren sa til Moses:

21. Det kan henda at ein person syndar og ber seg trulaust åt mot Herren. Han lyg for landsmannen sin om eitkvart han har fått overlate eller tiltrudd, eller om eitkvart han har røva eller teke frå landsmannen sin med vald,

22. eller han har funne noko som ein annan har mista. Han lyg om det og sver falskt om ei eller anna synd som eit menneske kan gjera.

23. Då skal den som har synda og ført skuld over seg, gje att det han har røva eller teke med vald, fått i forvaring eller funne etter at det var bortkome,

24. eller svore falskt om. Han skal gje fullt vederlag og leggja til ein femtepart. Same dagen som skulda hans blir kjend, skal han gje det til eigaren.

25. Dessutan skal han koma til Herren med eit skuldoffer, ein feilfri vêr av småfeet, verdsett som eit fullgodt offer, og gje han til presten.

26. Og presten skal gjera soning for han for Herrens andlet, så han får tilgjeving for alt det han måtte ha gjort seg skuldig i.