Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Hudsjukdom

1. Herren sa til Moses og Aron:

2. Når nokon får ei blemme, eit utslett eller ein bleik flekk på huda, kan han vera ramma av hudsjukdom. Då skal han førast til presten Aron eller til ein av sønene hans, prestane.

3. Presten skal undersøkja det området på huda som er ramma. Dersom håret der har kvitna og området ser ut til å liggja djupare enn huda, då er han ramma av hudsjukdom. Når han ser det, skal presten slå fast at han er urein.

4. Men dersom flekken er kvit og han ikkje ser ut til å liggja djupare enn huda og håret på han ikkje har kvitna, då skal presten halda den som er ramma, innestengd i sju dagar.

5. Den sjuande dagen skal presten undersøkja han att. Dersom området som er ramma, er uendra og ikkje har breidd seg på huda, skal presten halda han innestengd i sju dagar til.

6. Den sjuande dagen skal presten undersøkja han endå ein gong. Har området bleikna og ikkje breidd seg på huda, skal presten slå fast at han rein. Det er berre eit utslett. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein.

7. Men dersom utslettet likevel breier seg etter at han har vist seg for presten for å få slege fast at han er rein, skal han visa seg for presten endå ein gong.

8. Presten skal undersøkja han. Har utslettet breidd seg på huda, skal presten slå fast at han er urein. Då er det hudsjukdom.

9. Når nokon er ramma av hudsjukdom, skal han førast til presten.

10. Presten skal undersøkja han. Dersom det er ei kvit blemme på huda og håret der har kvitna og det gror villkjøt i henne,

11. då er det vedvarande hudsjukdom, og presten skal slå fast at han er urein. Han skal ikkje stengja han inne, for han er alt urein.

12. Men dersom sjukdomen bryt ut på huda og dekkjer den sjuke frå hovud til hæl, etter det presten kan sjå,

13. då skal presten undersøkja han. Dekkjer sjukdomen heile kroppen, skal presten erklæra den sjuke for rein. Når han har vorte kvit over det heile, er han rein.

14. Men så snart det viser seg villkjøt på han, er han urein.

15. Når presten ser villkjøtet, skal han slå fast at han er urein. For villkjøtet er ureint. Då er det hudsjukdom.

16. Men dersom villkjøtet går bort att og huda blir kvit, skal han gå til presten.

17. Presten skal undersøkja han. Dersom området som er ramma, har vorte kvitt, skal presten slå fast at den sjuke er rein. Då er han rein.

18. Får nokon ein byll på huda og han blir lækt,

19. men det sidan kjem ei kvit blemme eller ein bleikraud flekk der byllen var, då skal han visa seg for presten.

20. Presten skal undersøkja han. Dersom flekken ligg djupare enn huda og håret på han har kvitna, skal presten slå fast at han er urein. Han er ramma av hudsjukdom som har brote ut i byllen.

21. Men dersom presten undersøkjer flekken og det ikkje er kvite hår der og han ikkje ligg djupare enn huda og han har bleikna, då skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar.

22. Dersom flekken då breier seg på huda, skal presten slå fast at han er urein. Då er det hudsjukdom.

23. Men dersom den bleike flekken held seg på same staden utan å breia seg, då er det berre arret etter byllen, og presten skal slå fast at han er rein.

24. Har nokon fått eit brannsår på huda, og kjøtet som gror i såret, viser seg som ein bleikraud eller kvit flekk,

25. skal presten undersøkja han. Dersom håret på flekken har kvitna og han ligg djupare enn huda, då er det hudsjukdom som har brote ut i brannsåret, og presten skal slå fast at han er urein. Han er ramma av hudsjukdom.

26. Men dersom presten undersøkjer den bleike flekken og det ikkje er kvite hår på han og han ikkje ligg djupare enn huda og han har bleikna, då skal han halda mannen innestengd i sju dagar.

27. Den sjuande dagen skal presten undersøkja han. Dersom flekken då har breidd seg på huda, skal presten erklæra han for urein. Det er eit tilfelle av hudsjukdom som gjer urein.

28. Men er flekken bleik og har halde seg på same staden utan å breia seg, då er det ei blemme etter brannsåret, og presten skal slå fast at han er rein. For dette er berre arret etter brannsåret.

29. Når ein mann eller ei kvinne blir ramma av ein sjukdom på hovudet eller i skjegget,

30. skal presten undersøkja området som er ramma. Dersom det ser ut til å liggja djupare enn huda og det er gult, tynt hår på det, skal presten slå fast at den sjuke er urein. Det er skurv, hudsjukdom på hovudet eller i skjegget.

31. Når presten undersøkjer området som er ramma av skurv, og det ser ut til at det ikkje ligg djupare enn huda, og at det ikkje er svarte hår på det, då skal han halda den som er ramma, innestengd i sju dagar.

32. Den sjuande dagen skal presten undersøkja flekken. Dersom skurven ikkje har breidd seg, dersom det ikkje er gult hår på han, og dersom han ikkje ser ut til å liggja djupare enn huda elles,

33. då skal den som har skurv, barbera seg, men ikkje sjølve skurven, og presten skal halda han innestengd i sju dagar til.

34. Den sjuande dagen skal presten undersøkja skurven. Dersom skurven ikkje har breidd seg på huda og ikkje ser ut til å liggja djupare enn huda elles, skal presten slå fast at den sjuke er rein. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein.

35. Dersom skurven likevel breier seg på huda etter at det vart slege fast at han er rein,

36. skal presten undersøkja han. Har skurven breidd seg på huda, skal presten ikkje leita etter gule hår. Då er han urein.

37. Men dersom skurven held seg på same staden, etter det presten kan sjå, og det har vakse svarte hår på han, då er skurven lækt. Då er han rein, og presten skal slå fast at han er rein.

38. Når ein mann eller ei kvinne får bleike flekker på kroppen, kvite flekker,

39. då skal presten undersøkja dei. Er det bleike, kvite flekker på huda, er det berre eit ufarleg utslett som har brote ut. Då er han rein.

40. Når ein mann mistar håret på hovudet, blir han fleinskalla, men han er rein.

41. Dersom han mistar pannehåret, blir han skalla, men han er rein.

42. Men er det ein bleikraud flekk der han er skalla, anten det er i nakken eller i panna, då er det hudsjukdom som bryt ut.

43. Presten skal undersøkja han. Er det ei bleikraud blemme i nakken eller panna og det ser ut til å vera hudsjukdom,

44. då har han fått denne sjukdomen. Då er han urein. Presten skal slå fast at han er urein. Han har hudsjukdom i hovudet.

45. Den som er ramma av ein slik sjukdom, skal riva sund kleda og la håret hanga fritt. Han skal løyna skjegget og ropa: «Urein, urein!»

46. Så lenge han er ramma, er han urein. Han skal bu for seg sjølv. Utanfor leiren skal han halda til.

Sjukdom på klede

47. Det kan henda at klede blir ramma av muggsjukdom, anten det er eit klesplagg av ull eller lin

48. eller noko som er vove eller knytt av lin eller ull, eller det er skinn eller noko som er laga av skinn.

49. Det er grønvorne eller raudvorne område på plagget eller skinnet eller det som er vove eller knytt eller laga av skinn. Då er det ramma av muggsjukdom. Det skal visast fram for presten.

50. Presten skal undersøkja plagget som er ramma, og halda det innelåst i sju dagar.

51. Den sjuande dagen skal han undersøkja det att. Har området som er ramma, breidd seg på plagget eller på det som er vove eller knytt, eller på skinnet eller på det som er laga av skinn, då er det tærande sjukdom. Då er det ureint.

52. Han skal brenna det som er ramma, anten det er eit plagg eller noko som er vove eller knytt av ull eller lin, eller noko som er laga av skinn. For det er tærande sjukdom. Det skal brennast.

53. Men dersom presten undersøkjer det, og området som er ramma, ikkje har breidd seg på plagget eller på det som er vove eller knytt eller laga av skinn,

54. då skal han setja nokon til å vaska det som er ramma, og halda det innelåst i sju dagar til.

55. Så skal presten undersøkja det etter at det er vaska. Dersom plagget som er ramma, ikkje ser annleis ut enn før, då er det ureint, jamvel om området som er ramma, ikkje har breidd seg. Du skal brenna det. Det er slikt som et seg inn, på retta eller ranga.

56. Men dersom presten undersøkjer det og finn at flekkene har bleikna etter vasken, då skal han riva det av plagget eller skinnet eller av det som er vove eller knytt.

57. Viser sjukdomen seg att på plagget eller på det som er vove eller knytt eller laga av skinn, då bryt han ut. Du skal brenna det som er ramma.

58. Men går det av i vask på plagget eller det som er vove eller knytt eller laga av skinn, då skal det vaskast ein gong til. Då er det reint.

59. Dette er lova om muggsjukdom som rammar klesplagg av ull eller lin, det som er vove eller knytt, og alle slag ting av skinn. Etter den skal dei seiast reine eller ureine.