Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kvinner som fylgde Jesus

1. I den tida som no kom, fór Jesus ikring og forkynte i byar og landsbyar, og bar fram evangeliet om Guds rike. Dei tolv var med han,

2. og like eins nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar. Det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju vonde ånder hadde fare ut or,

3. Johanna, som var gift med Kusa, ein av embetsmennene hjå Herodes, og Susanna og mange andre. Med alt det dei åtte, hjelpte dei Jesus og dei tolv.

Såmannen

4. Mykje folk strøymde no til frå byane rundt ikring. Då ei stor mengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:

5. «Ein mann gjekk ut og skulle så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen; det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp.

6. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det rann opp, av di det ikkje fekk væte.

7. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kjøvde det.

8. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre foll.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyro å høyra med, han høyre!»

9. Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda.

10. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, så dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skjøna.

11. Likninga tyder: Såkornet er Guds ord.

12. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjarta deira, så dei ikkje skal tru og verta frelste.

13. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur til ei tid, men når dei vert sette på prøve, fell dei frå.

14. Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet vert dei kjøvde av suter og rikdom og nytingar, så dei ikkje ber fullmogen grøde.

15. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit vent og godt hjarta, så dei held ut og ber grøde.

Den som høyrer rett, skal få

16. Ingen kveikjer eit ljos og gøymer det under eit kar eller set det under ei seng; nei, han set det i ein stake, så dei som kjem inn, kan sjå ljoset.

17. For ingenting er løynt utan at det skal fram, og ingenting er gøymt utan at det skal verta kjent og koma for dagen.

18. Akta vel på korleis de høyrer! For den som har, han skal få. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han trur han har.»

Jesu sanne skyldfolk

19. Mor hans og brørne hans kom og ville møta han, men dei slapp ikkje fram for folkemengda.

20. Då sa ein til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og vil gjerne tala med deg.»

21. Men han svara: «Mor mi og syskena mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»

Jesus stiller stormen

22. Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. «Lat oss fara over til hi sida av sjøen,» sa han. Så la dei utpå,

23. og medan dei siglde, sovna han. Då kom det ein kvervelvind kastande over sjøen, båten heldt på å gå full, og dei var i stor fare.

24. Dei gjekk bort og vekte han og sa: «Meister, meister, vi går under!» Jesus reiste seg opp og truga vinden og bylgjene, så dei la seg, og det vart blikande stilt.

25. Og han sa til dei: «Kvar er trua dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring og sa seg imellom: «Kven er dette? Han byd, og både vind og sjø lyder han.»

Den forgjorde frå gravholene

26. No kom dei inn til Gerasenar-landet, som ligg midt imot Galilea.

27. Då han gjekk i land, kom det imot han ein mann der frå byen; han var forgjord av vonde ånder. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han stogga ikkje i hus, men heldt til i gravholene.

28. Då han fekk sjå Jesus, sette han i og ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: «Kva har du med meg å gjera, Jesus, du Son åt Den Høgste Gud? Eg bed deg: Pin meg ikkje!»

29. For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut or mannen. Ho hadde hatt makt over han lenge. Ofte hadde dei bunde han med lekkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda, og den vonde ånda jaga han ut i øydemarka.

30. «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion,» svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han.

31. Og dei bad Jesus at han ikkje måtte senda dei ned i avgrunnen.

32. No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i dei. Det gav han dei lov til.

33. Då fór dei vonde åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna.

34. Men då gjætarane såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det i byen og i grendene omkring.

35. Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.

36. Men dei som hadde sett på, fortalde korleis den forgjorde vart frisk att.

37. Då bad både gerasenarane og folket frå bygdene der ikring, at han måtte fara bort ifrå dei, for dei var tekne av stor redsle. Og Jesus gjekk i båten og fór attende.

38. Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han i veg og sa:

39. «Gå heim og fortel kor store ting Gud har gjort mot deg.» Så gjekk han av stad og fortalde kring i heile byen kva Jesus hadde gjort for han.

Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe

40. Då Jesus kom att, stod det mykje folk og tok imot han, for alle hadde venta på han.

41. Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus og var synagogeforstandar; han kasta seg ned for føtene åt Jesus og bad han vera med seg heim.

42. For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gamal, låg for døden. Som no Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar.

43. No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Alt ho åtte hadde ho lagt ut til lækjarar, men ingen hadde greitt å gjera henne frisk att.

44. Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans, og med ein gong stogga blodet.

45. «Kven var det som tok i meg?» spurde Jesus. Ingen ville vedgå det. Då sa Peter: «Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.»

46. Men Jesus sa: «Det var einkvan som tok i meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.»

47. Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde teke i han, og korleis ho hadde vorte frisk att med det same.

48. Då sa Jesus til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred!»

49. Før han hadde tala ut, kom det ein frå heimen åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di har slokna. Bry ikkje meisteren lenger.»

50. Jesus høyrde det og sa til faren: «Ver ikkje redd, berre tru, så skal ho verta berga.»

51. Då han kom fram til huset, lét han ingen annan vera med inn enn Peter, Johannes og Jakob og far og mor åt barnet.

52. Alle gret og jamra over henne. Men han sa: «Gråt ikkje! Ho er ikkje slokna; ho søv.»

53. Dei berre lo åt han, for dei visste at ho var død.

54. Men han tok henne i handa og ropa: «Barn, stå opp!»

55. Då vende livet attende, og ho reiste seg opp med ein gong. Og han sa at dei skulle gje henne mat.

56. Foreldra hennar var reint ifrå seg av undring. Men Jesus forbaud dei å tala til nokon om det som hadde hendt.