Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesu fullmakt

1. Ein dag då han lærte folket på tempelplassen og forkynte evangeliet, kom overprestane og dei skriftlærde saman med dei eldste

2. og sa til han: «Sei oss: Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til det?»

3. Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Sei meg:

4. Var Johannes-dåpen frå himmelen eller frå menneske?»

5. Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?

6. Men svarar vi: Frå menneske, kjem folket til å steina oss, for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.»

7. Difor svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå.

8. Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»

Paktarane og arvingen

9. Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:«Det var ein gong ein mann som planta ein vingard og leigde han bort til nokre vindyrkarar. Så drog han ut or landet og skulle vera borte i lang tid.

10. Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei slo han og lét han gå tomhendt bort.

11. Då sende eigaren ein annan tenar; men dei slo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort.

12. Endå ein tredje sende han, og han slo dei til blods, og så kasta dei han ut.

13. Kva skal eg no gjera? tenkte han som åtte vingarden. Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær; han har dei nok age for.

14. Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så vert arven vår.

15. Så kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel.Kva skal no vingardsherren gjera med desse paktarane?

16. Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!»

17. Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive:Den steinen bygningsmennene ¬vraka,har vorte hjørnestein?

18. Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

19. Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.

Er det rett å svara skatt til keisaren?

20. Sidan gjætte dei på han og sende ut folk som skulle lura på han. Dei skulle lata som dei var fromme menn og prøva å fanga han i ord, så dei kunne få gje han over til styremaktene og landshovdingen.

21. Dei spurde han: «Meister, vi veit at du talar og lærer rett. Du gjer ikkje skil på folk, men lærer i sanning Guds veg.

22. Sei oss: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

23. Men han merka baktankane deira og sa til dei:

24. «Vis meg ein denar! Kven sitt bilete og namn er dette?» «Keisarens,» svara dei.

25. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.»

26. Dei greidde ikkje å fella han på noko han sa medan folket høyrde på; dei berre undra seg over svaret og tagde.

Oppstoda frå dei døde

27. Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

28. «Meister, Moses har gjeve oss denne føresegna: Om ein gift mann døyr, og han ikkje har born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.

29. No var det sju brør. Den eldste tok seg ei kone, men døydde barnlaus.

30. Så gifte den andre seg med henne,

31. og så den tredje, og sameleis alle sju; men alle døydde dei barnlause.

32. Til sist døydde kona òg.

33. Når dei så står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har dei vore gifte med henne.»

34. Jesus sa til dei: «I denne verda gifter dei seg og vert bortgifte.

35. Men dei som vert haldne verdige til å vera med i den komande verda, og til å stå opp frå dei døde, dei korkje gifter seg eller vert bortgifte.

36. Dei kan ikkje døy meir; dei er som englane, og fordi dei har fått del i oppstoda, er dei Guds born.

37. Men at dei døde står opp, det har Moses òg synt i forteljinga om klungeren, når han kallar Herren for Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.

38. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. Dei lever alle for han.»

39. Då sa nokre av dei skriftlærde: «Meister, du svara rett.»

40. Og ingen våga å spørja han meir.

Kven Messias er

41. Jesus spurde dei: «Korleis kan ein seia at Messias er Davids son?

42. David seier då sjølv i Salmane:Herren sa til min herre:Set deg ved mi høgre hand

43. til eg får lagt dine fiendartil skammel for dine føter.

44. Her kallar David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»

Åtvaring mot dei skriftlærde

45. Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane:

46. « Akta dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget. Dei elskar å sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod.

47. Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»