Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus og sabbaten

1. Ein sabbat bar det så til at Jesus gjekk gjennom ein kornåker, og læresveinane reiv av aks, gneid dei mellom hendene og åt.

2. Då sa nokre av farisearane: «Kvifor gjer de slikt som ingen har lov til å gjera på sabbaten?»

3. Jesus svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og mennene hans var svoltne?

4. Han gjekk inn i Guds hus, tok skodebrøda og åt og gav dei som fylgde han. Og dei brøda er det berre prestane som har lov å eta.»

5. Og Jesus sa til dei: «Menneskesonen er herre over sabbaten.»

6. Ein annan sabbat gjekk han inn i ei synagoge og lærte. Der var det ein mann som var lam i høgre handa.

7. Dei skriftlærde og farisearane heldt auga med Jesus, om han ville lækja på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.

8. Men han kjende tankane deira og sa til mannen med den lame handa: «Reis deg opp og kom fram!» Han reiste seg og gjekk fram.

9. «No spør eg dykk,» sa Jesus, «kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?»

10. Han såg rundt på dei alle og sa til mannen: «Rett ut handa di!» Han så gjorde, og handa hans vart god att.

11. Då vart dei så harme at dei var reint ifrå seg, og tala med kvarandre om kva dei skulle gjera med Jesus.

Jesus kallar dei tolv apostlane

12. I dei dagane hende det at han gjekk opp i fjellet og ville be, og han var der heile natta i bøn til Gud.

13. Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar.

14. Det var Simon, som han òg kalla Peter, og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, Filip og Bartolomeus,

15. Matteus og Tomas, Jakob, son til Alfeus, og Simon som dei kalla seloten,

16. Judas, son til Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.

Jesus forkynner og lækjer

17. Så gjekk han ned att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av læresveinane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyrus og Sidon.

18. Dei var komne og ville høyra han og verta lækte for sjukdomane sine. Dei som var plaga av ureine ånder, vart òg gode att.

19. Og alt folket prøvde å få ta i han, for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle.

Bergpreika

Sæle og usæle menneske

20. Då såg han opp, feste augo på læresveinane og sa:Sæle de fattige!Guds rike er dykkar.

21. Sæle de som no svelt!De skal mettast.Sæle de som no græt!De skal le.

22. Sæle er de når folk hatar dykk,når dei støyter dykk ut ¬og spottar dykkog skyr namnet dykkar ¬som noko vondt –for Menneskesonen skuld!

23. Gled dykk då og hoppa av fryd,for stor er løna dykkar ¬i himmelen.Det same gjorde fedrane deira ¬med profetane.

24. Men ve dykk rike,de har alt fått dykkar trøyst.

25. Ve dykk som no er mette,de skal svelta.Ve dykk som no ler,de skal syrgja og gråta.

26. Ve dykk når alle talar vel ¬om dykk.For det same ¬gjorde fedrane deiramed dei falske profetane.

Elska fiendane dykkar!

27. Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elska fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk,

28. velsigna dei som bannar dykk, og bed for dei som talar ille om dykk.

29. Slår nokon dykk på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekta han ikkje skjorta heller.

30. Gjev kvar den som bed deg; og tek nokon frå deg det som ditt er, skal du ikkje krevja det att.

31. Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.

32. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Jamvel syndarane elskar når nokon elskar dei.

33. Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg.

34. Og om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att.

35. Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born åt Den Høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.

36. Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.

Døm ikkje!

37. Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.

38. Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.

39. Han fortalde dei òg ei likning: Kan ein blind leia ein blind? Kjem dei ikkje begge til å falla i grøfta?

40. Ein læregut står ikkje over meisteren, men når han er utlært, vert han lik meisteren sin.

41. Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?

42. Og korleis kan du seia til bror din: «Bror, lat meg ta flisa ut or auga ditt,» du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga. Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.

Treet og fruktene

43. Det finst ikkje noko godt tre som ber ring frukt, heller ikkje noko ringt tre som ber god frukt.

44. Treet kjenner ein på frukta. Ein plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.

45. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjarta, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjarta er fullt av, det talar munnen.

Huset bygt på fjell

46. Kvifor kallar de meg: Herre, Herre! og gjer ikkje det eg seier?

47. Eg skal syna dykk kven han er lik, kvar den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer etter dei:

48. Han er lik ein mann som ville byggja eit hus, og grov djupt og la grunnmuren på fjell. Då flaumen kom, og straumen braut mot huset, kunne han ikkje rikka det, av di det var godt bygt.

49. Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman.