Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Modig vedkjenning

1. Imedan hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg fyrst til læresveinane:Ta dykk i vare for surdeigen åt farisearane, hyklarskapen!

2. Ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent.

3. Difor skal det de talar i mørkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut frå hustaka.

4. Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel lekamen, men sidan ikkje kan gjera meir.

5. Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som fyrst kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de ottast!

6. Sel dei ikkje fem sporvar for eit par øre? Og ikkje ein av dei er gløymd hjå Gud.

7. Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

8. Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar.

9. Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.

10. Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving.

11. Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia.

12. For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.

Den rike bonden

13. Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!»

14. Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?»

15. Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for all havesykje! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»

16. Og han fortalde dei ei likning:Det var ein gong ein rik mann. Jorda hans hadde bore godt,

17. og han tenkte med seg: «Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi.

18. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig.

19. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!»

20. Men Gud sa til han: «Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?»

21. Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

Syt ikkje!

22. Difor seier eg dykk, sa han til læresveinane:Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.

23. Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda.

24. Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har korkje matbu eller løe, men Gud føder dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!

25. Kven av dykk kan med all si sut leggja ei alen til si livslengd?

26. Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor syter de då for alt det andre?

27. Sjå på liljene! Dei spinn ikkje og vev ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

28. Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!

29. Ver ikkje ottefulle, og tenk ikkje berre på kva de skal eta og kva de skal drikka.

30. For det er noko alle folk på jorda spør etter. Men Far dykkar veit at de treng dette.

31. Søk heller hans rike, så skal de få dette attåt.

32. Ottast ikkje, du vesle flokk! Det er Far dykkars vilje å gje dykk riket.

33. Sel det de eig, og gjev pengane til dei fattige. Få dykk pungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til, og mòl ikkje øyder.

34. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.

Ver budde når Herren kjem!

35. Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!

36. Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå gjestebod, og står ferdige til å lata opp så snart han kjem og bankar på.

37. Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Sanneleg, det seier eg dykk: Han skal spenna beltet om livet og føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei.

38. Anten han kjem i den andre nattevakta eller i den tredje: Sæle er dei når han finn det så.

39. Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.

40. Så ver budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

41. Då spurde Peter: «Herre, seier du denne likninga berre til oss, eller er ho for alle?»

42. Herren svara:Kven er den trugne og kloke hushaldaren, den som husbonden set over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?

43. Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han!

44. Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.

45. Men dersom tenaren seier med seg: «Herren min dryer nok endå ei stund,» og han så tek til å slå tenestgutane og jentene og eta og drikka og fylla seg,

46. då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, og hogga han ned og la han få same lagnad som dei vantruande.

47. Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det han vil, han skal få mange slag.

48. Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre.Den som mykje har fått, av han vert det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast di meir.

Ikkje fred, men strid

49. Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata!

50. Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!

51. Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg dykk, ikkje fred, men strid.

52. Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: Tre mot to og to mot tre;

53. far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, vermor mot sonekone og sonekone mot vermor.

Tidarteikna

54. Til folket òg sa han:Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: «No kjem det regn,» og det går så.

55. Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: «No vert det varmt,» og det går så.

56. Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda; kvifor kan de då ikkje tyda denne tida?

57. Og kvifor dømer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett?

58. Når du går til domstolen med motparten din, gjer deg då umak så de kan verta samde medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for domaren, og domaren sender deg til vaktaren, og vaktaren set deg i fengsel.

59. Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.