Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Å lækja på sabbaten

1. Ein gong var Jesus gjest hjå ein av rådsherrane, som var farisear. Det var sabbat, og dei heldt auga med han.

2. Best det var, stod det framfor han ein mann som hadde vass-sott.

3. Då spurde Jesus dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?»

4. Dei tagde. Då tok han på mannen, gjorde han frisk og lét han gå.

5. Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brunnen, dreg han dei ikkje straks opp, endå om det er sabbat?»

6. Dei kunne ikkje svara på dette.

Sann audmykt og gjestfridom

7. Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, fortalde han dei ei likning:

8. Når du vert beden i gjestebod, så set deg ikkje øvst ved bordet. For det kunne henda at ein som er gjævare enn du, var beden,

9. og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: «Gjev rom for denne gjesten!» Då må du setja deg nedst og skjemmast.

10. Nei, når du er beden ein stad, så gå og set deg nedst ved bordet. Så kan verten koma og seia til deg: «Flytt deg høgare opp, venen min.» Då får du ære medan alle gjestene ser på.

11. For den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

12. Han sa òg eit ord til den som hadde bede han: «Når du vil halda eit middags- eller kveldslag, så bed ikkje vener og brør og skyldfolk og rike grannar. For dei kjem til å be deg att, så du får vederlag.

13. Nei, når du vil halda gjestebod, så bed fattige, vanføre, lame og blinde.

14. Då vert du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje att. Men du skal få vederlag når dei rettferdige står opp.»

Det store gjestebodet

15. Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike!»

16. Jesus sa:Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange.

17. Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: «Kom, no er alt ferdig!»

18. Men dei tok til å be seg unna, alle som ein. Den eine sa: «Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du lyt gjera vel og orsaka meg.»

19. Ein annan sa: «Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av og prøva dei. Du lyt gjera vel og orsaka meg.»

20. Endå ein annan sa: «Eg har fått meg ei kone, difor kan eg ikkje koma.»

21. Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husbonden harm og sa til han: «Gå straks ut på gater og vegar i byen, og hent inn fattige og vanføre, blinde og lame.»

22. Snart kunne tenaren melda: «Herre, det er gjort som du sa, men det er enno rom.»

23. Då sa herren til tenaren: «Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt vert fullt.

24. For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få vera med i mitt gjestebod.»

Kva det kostar å vera ein læresvein

25. Mykje folk fylgde med han, og han snudde seg og sa til dei:

26. Om nokon kjem til meg, må han setja det høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, sitt eige liv, elles kan han ikkje vera min læresvein.

27. Den som ikkje ber krossen sin og fylgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.

28. Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då fyrst ned og reknar etter kva det vil kosta, om han har nok til å fullføra det?

29. For har han lagt grunnmuren, og ikkje er god til å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han

30. og seia: «Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men greidde ikkje å fullføra det.»

31. Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då fyrst ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen?

32. Og er han ikkje det, sender han menn av stad og tingar om fred medan fienden enno er langt borte.

33. Såleis kan ingen av dykk vera min læresvein utan at han seier frå seg alt det han eig.

34. Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att?

35. Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut.Den som har øyro å høyra med, han høyre!