Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Enkja og domaren

1. Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp:

2. I ein by var det ein domar som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske.

3. I same byen var det ei enkje; ho kom gong på gong til han og sa: «Hjelp meg mot motparten min, så eg kan få min rett.»

4. Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje har age for noko menneske,

5. vil eg likevel hjelpa denne enkja til retten hennar, så som ho plagar meg, elles endar det vel med at ho legg til meg midt i synet.»

6. Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege domaren seier!

7. Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei?

8. Eg seier dykk : Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»

Farisearen og tollaren

9. Til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:

10. To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar.

11. Farisearen stelte seg opp og bad såleis: «Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der.

12. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.»

13. Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: «Gud, ver meg syndaren nådig!»

14. Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

Jesus og borna

15. Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Då læresveinane såg det, ville dei visa dei bort.

16. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.

17. Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»

Jesus og den rike mannen

18. Ein av rådsherrane kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera, så eg kan få evig liv?»

19. Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Berre éin er god – det er Gud.

20. Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. Du skal æra far din og mor di.»

21. Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.»

22. Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt vantar deg: Sel alt det du eig, og del det ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!»

23. Mannen vart sturen då han høyrde det, for han var svært rik.

24. Då Jesus såg det, sa han: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!

25. Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

26. «Kven kan då verta frelst?» sa dei som høyrde på.

27. Han svara: «Det som er umogeleg for menneske, er mogeleg for Gud.»

28. Då sa Peter: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt vårt og fylgt deg?»

29. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skilt seg med hus eller kone eller sysken eller foreldre eller born for Guds rike skuld

30. utan at han skal få det att mangdobbelt her i tida, og i den verda som kjem, eit evig liv.»

Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att

31. Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast.

32. Han skal gjevast over til heidningane og spottast og mishandlast og spyttast på,

33. og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.»

34. Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje kva han meinte.

Den blinde mannen ved Jeriko

35. Då Jesus kom bort imot Jeriko, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga.

36. Mannen høyrde at det gjekk mykje folk frametter, og spurde kva det var.

37. Dei svara at Jesus frå Nasaret fór framom.

38. Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»

39. Dei som gjekk føre, skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»

40. Jesus stogga og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom innåt, spurde Jesus han:

41. «Kva vil du at eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet!» svara han.

42. Jesus sa til han: «No skal du få synet! Trua di har frelst deg.»

43. Straks kunne han sjå, og han gav seg i lag med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.