Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Forføring og tilgjeving

1. Han sa til læresveinane: «Det lyt koma forføringar; anna er ikkje råd. Men ve den som dei kjem ifrå!

2. Det var betre for han at det låg ein kvernstein om halsen på han, og han var kasta i havet, enn at han skulle forføra ein av desse små.

3. Ta dykk i vare!Syndar bror din, så tal han til rettes, og angrar han, så tilgjev han.

4. Ja, om han syndar mot deg sju gonger same dagen og sju gonger kjem til deg og seier: Eg angrar, så tilgjev han.»

Tru og teneste

5. Apostlane sa til Herren: «Gjev oss meir tru!»

6. Herren svara: «Hadde de tru som eit sennepsfrø, kunne de seia til dette morbærtreet: Rykk deg opp og slå rot i havet! Og det skulle lyda dykk.

7. Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjæter, seier han då til han når han kjem heim frå marka: Kom no og set deg til bords?

8. Nei, han vil seia: Lag til kveldsmat åt meg, gjer deg så i stand og set fram for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.

9. Takkar han tenaren for at han gjorde det han var føresagd? Eg trur ikkje det.

10. Såleis med dykk òg. Når de har gjort alt det de var føresagde, skal de seia: Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår.»

Den takksame samaritanen

11. Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea.

12. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna

13. og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!»

14. Då Jesus fekk sjå dei, sa han: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine.

15. Ein av dei kom attende då han såg han var lækt. Han lova Gud med høg røyst,

16. kasta seg ned for Jesu føter og takka han. Denne mannen var ein samaritan.

17. Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni?

18. Var det ingen annan enn denne framande som kom attende og ville gje Gud æra?»

19. Og han sa til mannen: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.»

Når Guds rike kjem

20. Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo.

21. Ingen kan seia: «Sjå her er det,» eller: «Der er det.» For Guds rike er midt imellom dykk.

22. Til læresveinane sa han:Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det.

23. Folk skal seia til dykk: «Sjå der,» eller «Sjå her er han.» Gå ikkje dit og fylg ikkje etter!

24. For liksom lynet, når det blinkar, lyser frå himmelbryn til himmelbryn, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem til syne på sin dag.

25. Men fyrst skal han lida mykje og verta vraka av denne ætta.

26. Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

27. Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle.

28. Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde.

29. Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle.

30. På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.

31. Er det nokon oppe på taket den dagen, og har sakene sine nede i huset, må han ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att.

32. Kom i hug kona åt Lot!

33. Den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser det, skal vinna det.

34. Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng; den eine skal hentast, den andre setjast att.

35. To kvinner skal mala på same kverna; den eine skal hentast, den andre setjast att.

36. To menn skal vera ute på marka; den eine skal hentast, og hin setjast att.

37. Då tok læresveinane til ords og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»