Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Urett i samfunnet

1. Atter såg eg ¬på alle dei valdsverksom vert gjorde under sola.Eg såg tårene renna ¬på dei som vart trælka,og ingen trøysta dei.Valdsmennene bruka makt,og ingen trøysta.

2. Då prisa eg dei døde sæle,dei som var borte ¬for lenge sidan.Dei er betre farne ¬enn dei levande,enn dei som enno er i live.

3. Men sælare enn beggeer dei som aldri har levt ¬og sett dei vonde verksom vert gjorde under sola.

4. Eg såg at alt strev ¬og all dugleikkjem av at den eine ¬misunner den andre.Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

5. Dåren legg hendene i fangetog tærer på sitt eige hold.

6. Det er betre å ha litt i nevenog få leva i roenn å ha begge hendene fulleog streva og jaga etter vind.

7. Og endå meir fåfengdvart eg var under sola.

8. Ein mann ¬står stundom heilt åleine,utan son eller bror,og likevel er det ingen endepå alt hans strev;han ser seg ikkje mett ¬på rikdom.«Kven er det eg strevar forså eg nektar meg sjølv ¬alt godt?»Det òg er fåfengd ¬og vondt slit.

Det er betre å vera to enn ein

9. Det er betre å vera to ¬enn ein,dei får god løn for sitt strev.

10. For om dei dett, kan den einereisa opp den andre.Men stakkars den som er ¬åleine!Når han dett, har han ingentil å reisa seg opp.

11. Når to ligg saman, ¬vert dei varme,men korleis kan den einslege ¬verta varm?

12. Om nokon vinn over ¬den som er åleine,vil to kunna stå seg mot han.Ein tretvinna tråd ¬slitnar ikkje så snart.

Livet er omskifteleg

13. Ein ungdom som er fattig, ¬men klok,er betre faren enn ein kongesom er gamal og dumog ikkje har vit ¬til å ta imot råd.

14. Ein som kom ut or fengslet,vart teken til konge,endå han vart fødd i fattigdommedan ein annan styrte.

15. Eg såg korleis alle menneskesom ferdast ikring under sola,gav seg i lag ¬med den unge mannensom skulle koma ¬i kongens stad.

16. Det var ingen ende ¬på alt det folketsom han vart førar for.Men dei som kjem etter,bryr seg ikkje lenger om han.Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

Ver ikkje for snar med munnen!

17. Akta foten din ¬når du går til Guds hus!Det er betre ¬at du kjem dit og høyrerenn at dårar ber fram offer;for uvitande er dei ¬og gjer det vonde.