Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kongens ord

1. Kven er som vismannen,kven veit å tyda ei sak?Visdomen får mannens andlet ¬til å lysa,så det strenge draget mildnast.

2. Gjer som kongen byd,for Gud har gjeve han sin eid.

3. Ver ikkje snar ¬til å gå bort frå han,og ver ikkje med ¬på ei ring sak!For kongen gjer alt ¬det han vil;

4. det står makt bak hans ord.Kven torer seia til han: ¬«Kva gjer du?»

Menneske kan ikkje skjøna Guds verk

5. Den som held bodet,vil ikkje vita av noko vondt.Den vise kjenner i sitt hjartabåde tida og domen.

6. For alle ting har si tid ¬og sin dom.Det vonde menneska har gjort,kviler tungt på dei.

7. Ingen veit kva som skal henda.Kven kan seia ¬korleis det vil gå?

8. Ingen har makt over vinden,så han kan halda han att.Og ingen rår for sin dødsdag.I krig slepp ingen fri,og vondskap ¬bergar ikkje den gudlause.

9. Alt dette har eg sett.Eg har lagt merke til alt ¬som hender under sola,i ei tid då menneske ¬har makt over andre,så dei kan gjera dei skade.

10. Elles har eg sett at vonde mennvart lagde i grav ¬og gjekk til kvile,medan dei ¬som hadde gjort rett,laut fara bort ¬frå den heilage stadenog vart gløymde i byen.Det òg er fåfengd.

11. Om domen over vond gjerningikkje straks vert sett i verk,får menneska mot ¬til å gjera det vonde.

12. Hundre gonger ¬kan eit menneske syndaog endå få leva lenge.Likevel veit eg at det går godtfor dei som ottast Gud,dei som har age for han.

13. Men den gudlause ¬går det ikkje vel;hans liv vert kort, ¬det er som ein skugge,fordi han ikkje ottast Gud.

14. Det er noko meiningslaustsom hender på jorda:Somme rettferdige ¬må bera den straffsom dei gudlause fortener,og somme gudlause får den lønsom dei rettferdige skulle ha.Eg seier: Det òg er fåfengd.

15. Eg har lovprist gleda,for det finst inga anna lukkefor menneska her under solaenn å eta og drikka ¬og vera glade.Det fylgjer dei i strevetden tid Gud lèt dei leva ¬under sola.

16. Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjennaog sjå på det strev og slitsom menneska har på jorda;for korkje dag eller nattfår dei blund på augo.

17. Då såg eg at menneskaikkje kan skjøna ¬heile Guds verk,alt det som hender under sola.Kor mykje dei strevar ¬og granskar,finn dei ikkje ut av det.Om den vise seier han veit det,skjønar han det likevel ikkje.