Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Du veit ikkje kva som vil lukkast

1. Kast brødet ditt ¬på vatnet;for med tida ¬finn du det att.

2. Del det du har ¬med sju eller åtte;for du veit ikkje kva ¬for ulukkersom kan henda på jorda.

3. Når skyene vert fulle av regn,auser dei det ut over jorda.Fell eit tre, ¬mot sør eller nord,vert det liggjande der det fall.

4. Den som aktar på vinden, ¬får ikkje så,den som kikkar på skyene, ¬får ikkje hausta.

5. Likså lite som du veitkva veg vinden blæs,eller korleis beina vert tilhjå fosteret i mors liv,likså lite kan du vitakorleis Gud som skaper alt, ¬gjer sitt verk.

6. Så ditt sæde om morgonen,og lat ikkje handa kvila ¬om kvelden.Du veit då ikkje ¬kva som vil lukkast,anten det eine eller det andre,eller om alt er like godt.

Gled deg!

7. Ljoset er ein hugnad ¬for auga,det gjer godt å sjå sola.

8. Om åra vert mange, ¬skal mennesket levaog gleda seg over dei alle.Det skal tenkja ¬på dei mørke dagar,for av dei vert det mange.Alt som skal koma, er fåfengd.

9. Gled deg, ungdom, ¬medan du er ung,ver glad og nøgd i livsens vår!Gå på dei vegar som hjarta vil,fylg det som lokkar ditt auga!Men vit at Gud ¬skal krevja deg til rekneskapfor alt det du har gjort.

10. Få sutene ut or din hug,og hald det vonde frå livet!For ungdomstida, livsens vår,kverv som ein pust.