Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Rikdom gjer ingen nøgd

1. Ei ulukke har eg sett ¬under sola,ho kviler tungt på menneska:

2. Det hender ¬at Gud gjev ein mannbåde rikdom og gods og ære,så han ikkje vantar nokoav alt det han ynskjer seg.Men Gud lèt han ikkje nyta ¬godt av det,ein framand et det opp.Det er meiningslaust, ¬beiskt og vondt.

3. Ein mann kan få hundre bornog leva i mange år.Men har han ikkje glede ¬av alt det gode,kor lenge han lever,og får han heller ikkje ¬ei grav,då vil eg seia:«Eit ufullbore foster ¬er betre fare enn han.»

4. For det kjem livlaust ¬til verda,i mørker går det bort,og i mørker ¬får det namnet sitt løynt.

5. Det har ikkje sett dagsens ljosog kjenner ikkje sola.Likevel kviler det betre ¬enn han,

6. om han så hadde levti to gonger tusen år,men ikkje fått røyna lukka.Fer ikkje alle til same staden?

7. Mennesket strevar berre ¬for maten,men det får aldri ¬stetta sin trong.

8. Kva føremon ¬har den vise framfor dåren?Kva hjelper det ein stakkar ¬å vitakorleis han skal ferdast ¬i livet?

9. Det er betre å sjå ¬på det ein har,enn å gå der ¬med hug på noko anna.Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

Kven veit kva som er best?

10. Alt som er til,er nemnt med namn ¬for lenge sidan;og det er føreåt kjent ¬kva eit menneske skal verta.Ingen kan føra sakmot den som er sterkare ¬enn han sjølv.

11. For di fleire ord, ¬di større fåfengd,og kva gagn har mennesket ¬av det?

12. Ja, kven veit kva som er bestfor menneska her i livet,alle dei fåfengde daganedei lever som ein skugge?Kven kan fortelja menneskakva som skal henda etter dei ¬under sola?