Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Trengsle og frelse i endetida

1. På den tid skal Mikael,den store fyrsten, stiga fram,han som vernar ¬dine landsmenn.Det skal koma ei trengselstidsom det ikkje har vore ¬maken tilheilt sidan folkeslag vart til.Men på den tid ¬skal folket ditt verta frelst,alle som er oppskrivne i boka.

2. Og mange av dei ¬som søv i molda,skal vakna opp,somme til evig liv,andre til skam og evig avsky.

3. Då skal dei vituge skinasom himmelkvelven skin;og dei som har ført dei mange ¬til rettferd,skal skina som stjernene, ¬evig og alltid.

4. Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka.

5. Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva.

6. Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?»

7. Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.»

8. Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?»

9. Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida.

10. Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.

11. Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar.

12. Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar.

13. Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»