Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Nebukadnesars draum

1. I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han så uroleg i hugen at han ikkje fekk sova.

2. Då sende kongen bod etter spåmennene, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane, og ville at dei skulle fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen.

3. Og han sa til dei: «Eg har hatt ein draum som gjer meg så uroleg i hugen. Eg ynskjer å få vita kva eg har drøymt.»

4. Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Kongen leve evig! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.»

5. Då sa kongen til stjernetydarane: «Det er min faste vilje at dersom de ikkje fortel meg draumen og tyder han, skal de hoggast i sund, og husa dykkar skal verta til ein grushaug.

6. Men dersom de fortel meg draumen og tyder han, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og sei kva han tyder!»

7. Då svara dei andre gongen: «Kongen må fortelja tenarane sine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.»

8. Kongen sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast:

9. Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, vil same domen råka dykk alle. Men de har vorte samde om å føra meg bak ljoset med ei lygn, i von om at tidene skal snu. Fortel meg difor draumen, så veit eg at de òg kan seia meg kva han tyder!»

10. Stjernetydarane svara kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen det han vil vita. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravt noko slikt av ein spåmann, åndemanar eller stjernetydar.

11. Det kongen krev, er for vanskeleg. Det finst ikkje andre enn gudane som kan fortelja kongen det han vil vita, og dei bur ikkje mellom døyelege menneske.»

12. Kongen vart arg og sint for dette og baud at dei skulle drepa alle vismennene i Babylonia.

13. Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel.

14. Då vende Daniel seg med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen over livvakta åt kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babylonia.

15. Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel korleis det hadde seg.

16. Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han tyda draumen for han.

17. Sidan gjekk Daniel heim og fortalde venene sine, Hananja, Misjael og Asarja, det som hadde hendt.

18. Han ville at dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra denne løyndomen, så Daniel og venene hans ikkje skulle missa livet saman med dei andre vismennene i Babylonia.

19. Då fekk Daniel vita løyndomen i eit syn om natta. Og Daniel prisa Gud i himmelen.

20. Han tok til ords og sa: Lova vere Guds namnfrå æve og til æve!For visdomen ¬og styrken er hans.

21. Han lèt år og tider skifta,set kongar av og set kongar inn.Han gjev dei vise visdomog dei vituge vit.

22. Han openberrar ¬det djupe og dulde;han veit kva som er i mørkret,og hjå han bur ljoset.

23. Deg, mine fedrars Gud,lovar og prisar eg,for du har gjeve meg ¬visdom og styrke.No har du fortalt meg ¬det vi bad om;det kongen vil vita, ¬har du kunngjort oss.

Daniel tyder draumen åt kongen

24. Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å drepa vismennene i Babylonia. Han kom og sa til han: «Drep ikkje vismennene i Babylonia! Før meg fram for kongen, så skal eg tyda draumen for han.»

25. Då skunda Arjok seg og førte Daniel inn til kongen og sa til han: «Mellom dei bortførte frå Juda har eg funne ein mann som kan tyda draumen for kongen.»

26. Kongen tok til ords og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg den draumen eg har hatt, og tyda han?»

27. Daniel svara kongen: «Den løyndomen som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, spåmann eller teikntydar kunngjera for kongen.

28. Men det er ein Gud i himmelen som openberrar løyndomar. Han har kunngjort for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og synene du hadde, medan du låg på lega di.

29. Då du låg på lega di, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar løyndomar, fortalde deg det som skal henda.

30. Og når denne løyndomen har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita kva draumen tyder, så du kan kjenna tankane i hjarta ditt.

31. Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut.

32. Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar;

33. leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire.

34. Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei.

35. Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.

36. Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder.

37. Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære!

38. Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull.

39. Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda.

40. Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre.

41. Føtene og tærne var, som du såg, dels av krusmakarleire, dels av jern. Det tyder at riket skal vera delt. Men eit stykke på veg skal det vera fast som jernet. Du såg då at jernet var blanda med leire.

42. At tærne på føtene dels var av jern og dels av leire, det tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt.

43. Når jernet, som du såg, var blanda med leire, tyder det at dei skal blanda seg ved giftarmål. Men dei skal likevel ikkje halda i hop, like lite som jern kan blanda seg med leire.

44. Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid.

45. Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

46. Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og viste Daniel ære. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han.

47. Og kongen tok til ords og sa til Daniel: «Sanneleg, den guden de dyrkar, er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar løyndomar, sidan du har greitt å openberra denne løyndomen.»

48. Så lét kongen Daniel få ei høg stilling og gav han mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babylon og til øvste leiaren for alle vismennene der.

49. På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego til å styra i provinsen Babylon. Men Daniel sjølv vart verande i kongsgarden.