Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er Herrens ord som kom til Hosea, son til Be’eri, på den tid då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, og då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.

Profetens ekteskap og born

2. Då Herren tok til å tala til Hosea, sa han: «Gå og ta deg ei trulaus kvinne og få deg horeborn! For landet er sanneleg trulaust og fylgjer ikkje Herren.»

3. Då gjekk han og tok Gomer, dotter åt Diblajim, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son.

4. Herren sa til han: «Kall han Jisre’el! For om kort tid vil eg straffa Jehus ætt for blodet som rann i Jisre’el, og gjera ende på kongedømet i Israel.

5. Den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisre’el-sletta.»

6. Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne ’Utan miskunn’! For eg vil ikkje lenger miskunna meg over Israels ætt og ikkje tilgje deira synd.

7. Men Judas ætt vil eg miskunna meg over og la dei verta frelste ved Herren deira Gud. Eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og hestfolk.»

8. Då ho hadde vant av ’Utan miskunn’, vart ho med barn att og fekk ein son.

9. Herren sa: «Kall han ’Ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje dykkar Gud.»

10. Likevel skal israelittane verta mange som havsens sand, som ikkje kan mælast eller teljast. I staden for at det no vert sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «borna åt den levande Gud».

11. Folket i Juda og folket i Israel skal slå seg saman og ta seg ein hovding i lag. Dei skal ta landet i eige. Ja, stor er Jisre’els dag.