Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Gjestebodet hjå Belsasar

1. Kong Belsasar heldt eit stort gjestebod for dei tusen stormennene sine og sat og drakk vin i lag med dei.

2. Då vinen tok til å verka på han, baud Belsasar at dei skulle henta dei kar av gull og sølv som Nebukadnesar, far hans, hadde ført bort frå templet i Jerusalem. Så skulle kongen og stormennene hans, konene og fylgjekonene hans drikka or dei.

3. Dei henta då gullkara som var bortførte frå templet, frå Guds hus i Jerusalem; og kongen og stormennene hans, konene og fylgjekonene hans drakk or dei.

4. Medan dei drakk av vinen, prisa dei gudane sine av gull og sølv, kopar og jern, tre og stein.

5. I same augneblinken synte det seg fingrar av ei menneskehand, og dei skreiv på den kvitkalka veggen i kongsslottet, midt imot ljosestaken. Kongen såg handa som skreiv.

6. Då vart han bleik i andletet, og tankane skræmde han. Han veikna i hoftene og skalv i knea.

7. Kongen ropa høgt at dei skulle henta åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Og han tok til ords og sa til vismennene i Babylonia: «Den mannen som kan lesa denne skrifta og seia meg kva ho tyder, han skal verta kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal han vera den tredje i riket.»

8. Alle vismennene åt kongen kom inn til han. Men dei greidde ikkje lesa skrifta eller tyda henne for kongen.

9. Då vart kong Belsasar så forfærd at han bleikna, og stormennene hans stod heilt rådville.

10. Då dronninga høyrde kva kongen og stormennene hans hadde sagt, kom ho inn i festsalen og tok til ords: «Kongen leve evig! Lat ikkje tankane skræma deg, og bleikna ikkje!

11. I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I den tid far din rådde, synte det seg at han hadde opplysning og skjøn og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge,

12. fordi det hjå Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og skjøn, evne til å tyda draumar, løysa gåter og greia ut vanskelege spørsmål. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg kva skrifta tyder.»

13. Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte judearane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda!

14. Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har synt at du har opplysning, skjøn og makelaus visdom.

15. No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og tyda henne for meg. Men dei kan ikkje seia meg kva ho tyder.

16. Men eg har høyrt om deg at du kan gje tydingar og greia ut vanskelege spørsmål. Kan du no lesa skrifta og seia meg kva ho tyder, skal du verta kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal du vera den tredje i riket.»

17. Då tok Daniel til ords og sa til kongen: «Gåvene dine kan du ha sjølv eller gje dei til ein annan! Men skrifta på veggen skal eg lesa for kongen og fortelja kva ho tyder.

18. Konge, Den Høgste Gud gav Nebukadnesar, far din, kongedøme og makt, ære og herlegdom.

19. Og fordi Gud hadde gjeve han så stor makt, skalv alle folk og ætter med ulike språk for han og var redde. Kven han ville, drap han, og kven han ville, lét han leva; kven han ville, gjorde han stor, og kven han ville, gjorde han liten.

20. Men då han vart stor i eigne tankar, og hugen hans vart stolt og hovmodig, vart han støytt ned frå kongsstolen sin, og æra hans vart teken frå han.

21. Han vart utstøytt frå menneska, og hjarta hans vart som eit dyrehjarta. Han heldt til mellom villesla og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess han sanna at Den Høgste Gud rår over kongedømet blant menneska og kan gje det til kven han vil.

22. Men du, Belsasar, son hans, har ikkje audmykt deg, endå du visste alt dette.

23. Du har opphøgt deg mot herren over himmelen; kara frå huset hans har dei kome til deg med, og du og stormennene dine, konene og fylgjekonene dine har drukke vin or dei. Du prisa gudane dine av sølv og gull, kopar og jern, tre og stein, dei som korkje ser eller høyrer eller skjønar. Men den Gud som har ditt liv i si hand, og som rår for heile din lagnad, han har du ikkje æra.

24. Difor vart denne handa send frå han og denne skrifta skriven.

25. Dette er det som vart skrive: ‘mene, mene, tekel ufarsin.‘

26. Og såleis skal orda tydast: ‘Mene‘ – ’talt’ har Gud dagane åt kongedømet ditt og gjort ende på det.

27. ‘Tekel‘ – ’vegen’ er du på vekta og funnen for lett.

28. ‘Peres‘ – ’delt’ er riket ditt og gjeve til medarane og persarane.»

29. Då baud Belsasar at dei skulle kle Daniel i purpur, hengja gullkjede om halsen hans og ropa ut at han i makt skulle vera den tredje i riket.

30. Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.