Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Daniel i løvehola

1. Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gamal.

2. Dareios fann for godt å setja 120 satrapar over riket. Dei skulle bu rundt ikring i heile riket.

3. Over dei sette han tre riksrådar, og av dei var Daniel den eine. For dei skulle satrapane gjera rekneskap, så kongen ikkje skulle lida noko tap.

4. Daniel merkte seg ut framfor dei andre riksrådane og satrapane, fordi det var ei makelaus ånd i han. Og kongen tenkte på å setja han over heile riket.

5. Då prøvde riksrådane og satrapane å finna noko å klaga Daniel for i embetsførsla hans. Men dei kunne ikkje finna nokon grunn til å klaga på han eller noko gale å seia om han. For han var påliteleg, og dei fann korkje forsøming eller feil hjå han.

6. Då sa dei: «Vi har ikkje noko å klaga denne Daniel for, om vi då ikkje finn noko å seia på gudsdyrkinga hans.»

7. No skunda riksrådane og satrapane seg inn til kongen og sa til han: «Kong Dareios leve evig!

8. Alle riksrådane, statthaldarane, satrapane, rådsherrane og landshovdingane har samrådt seg: Kongen bør fastsetja at det skal gjevast eit strengt påbod om at kvar den som i tretti dagar bed ei bøn til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola.

9. Gjev no eit slikt påbod, konge, og skriv det opp, så det ikkje kan endrast, etter medisk eller persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.»

10. I samsvar med dette sette Dareios opp eit skriv med eit slikt påbod.

11. Så snart Daniel fekk vita at skrivet var utsendt, gjekk han inn i huset sitt. I tak-kammeret hadde han opne vindaugo som vende mot Jerusalem. Der fall han tre gonger om dagen på kne for sin Gud med bøn og lovprising, nett som han før hadde gjort.

12. Då kom desse mennene farande inn og fann Daniel medan han bad til sin Gud og kalla på han.

13. Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.»

14. Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, bryr seg korkje om deg eller om det påbodet du har sendt skriv om, men held si bøn tre gonger om dagen.»

15. Då kongen høyrde det, vart han ille til mote og tenkte på korleis han kunne berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å finna ein utveg til å fria han ut.

16. Då kom desse mennene farande inn til kongen og sa til han: «Kom i hug, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve, og inga avgjerd som han har teke, kan endrast.»

17. Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehola. Kongen sa til Daniel: «Gjev din Gud, som du stendig dyrkar, må frelsa deg!»

18. Dei henta ein stein og la han over opninga til hola. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet åt stormennene sine, så det ikkje skulle gjerast noko om att i det som hadde hendt med Daniel.

19. Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét inga av fylgjekonene sine koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20. Tidleg om morgonen, då det tok til å dagast, stod kongen opp og skunda seg til løvehola.

21. Då han kom bort til hola, ropa han full av otte på Daniel og sa til han: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stendig dyrkar, kunna frelsa deg frå løvene?»

22. Då svara Daniel: «Kongen leve evig!

23. Min Gud sende engelen sin og lét att gapet på løvene, så dei ikkje har gjort meg noko vondt. For eg er funnen skuldfri for han; og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.»

24. Då vart kongen hjarteglad og baud at dei skulle dra Daniel opp or hola. Då dei hadde drege Daniel opp, fanst det ingen skade på han; for han hadde sett si lit til sin Gud.

25. Kongen sa no frå at dei mennene som hadde klaga Daniel, skulle hentast og kastast i løvehola saman med borna og konene sine. Og endå før dei var komne til botnar i hola, rauk løvene på dei og krasa kvart beinet i kroppen deira.

26. Etter dette skreiv kong Dareios til alle folk og ætter med ulike språk på heile jorda: «Eg ynskjer dykk fred og lukke.

27. Med dette byd eg at folket i heile mitt rike skal ha age for Daniels Gud og skjelva for han.For han er den levande Gud,han skal vera til evig tid.Hans rike går ikkje til grunne,hans velde tek aldri slutt.

28. Han frelser og friar ut,han gjer teikn og underi himmelen og på jorda.Det var han som frelste Daniel ¬frå løvene.»

29. Sidan gjekk det Daniel vel både medan Dareios og Kyros var kongar i Persia.