Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Daniel får eit syn ved Tigris

1. I det tredje året Kyros var konge i Persia, fekk Daniel, som dei kalla Beltsasar, ei openberring. Openberringa er sann, og ho varslar tunge tider. Han merka seg openberringa og gav akt på synet.

2. På den tid hadde eg, Daniel, syrgt i tre veker.

3. Fine retter åt eg ikkje, kjøt og vin kom ikkje i min munn, og eg salva meg ikkje før dei tre vekene var lidne.

4. Den 24. dagen i den fyrste månaden stod eg ved bredda av Storelva, det er Tigris.

5. Då eg såg opp, fekk eg auga på ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet.

6. Kroppen hans var som krysolitt, andletet skein som lynet, og augo var som eldslogar; armane og føtene såg ut som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som larmen av ein stor folkehop.

7. Eg, Daniel, var den einaste som såg synet. Dei mennene som var med meg, såg det ikkje, men det kom stor redsle over dei, og dei sprang og gøymde seg.

8. Så vart eg att åleine. Og då eg hadde dette store synet, vart eg reint maktlaus. Eg skifte farge og vart likbleik; all mi kraft var borte.

9. Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, seig eg sanselaus ned med andletet mot jorda.

10. Då var det ei hand som tok i meg og hjelpte meg opp på hender og kne.

11. Han sa til meg: «Daniel, du som er så høgt elska av Gud, gjev akt på dei orda som eg vil tala til deg, og reis deg opp att! For no er eg send til deg.» Då han tala såleis til meg, reiste eg meg skjelvande opp.

12. Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen.

13. Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen.

14. No er eg komen og vil la deg få vita kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»

15. Medan han tala såleis til meg, bøygde eg hovudet og stod mållaus.

16. Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippene mine. Då eg opna munnen, kunne eg tala. Og eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet har teke så på meg at all mi kraft er borte.

17. Korleis skulle eg, den ringe tenaren åt herren min, kunna tala med ein herre som deg? Kreftene sviktar, og eg kan ikkje pusta lenger.»

18. Han som var lik eit menneske, tok atter i meg og styrkte meg. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er elska av Gud. Fred vere med deg! Ver frimodig og sterk!» Og då han tala med meg, fekk eg att styrken, og eg sa: «Tal, herre! For du har styrkt meg.»

19. Då sa han: «Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg nok fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Og når eg det har gjort, kjem fyrsten over Javan.

20. Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.