Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Nebukadnesars galskap

1. Kong Nebukadnesar til alle folk og ætter med ulike språk over heile jorda: «Fred og lukke!

2. Eg har sett meg føre å kunngjera dei teikn og under som Den Høgste Gud har gjort mot meg.

3. Kor store hans teikn er,kor veldige hans under!Hans rike er eit evig rike,hans velde varer frå ætt til ætt.

4. Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt, sat frisk og glad i slottet mitt.

5. Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Eg vart skræmd av tankane eg fekk og av synene eg hadde medan eg låg på mi lege.

6. Eg gav påbod om at alle vismennene i Babylonia skulle førast fram for meg og seia meg kva draumen tydde.

7. Så kom spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane inn, og eg fortalde dei draumen. Men dei kunne ikkje seia meg kva han tydde.

8. Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd, og eg fortalde han draumen:

9. Beltsasar, du som er meisteren mellom spåmennene! Eg veit at dei heilage gudars ånd er i deg, og at ingen løyndom er for vanskeleg for deg. Høyr kva eg såg i draumen, og sei kva det tyder!

10. Dette er dei synene eg hadde medan eg låg på lega mi:Eg såg eit tre som stod midt på jorda. Det var svært høgt.

11. Treet var stort og sterkt. Det var så høgt at toppen nådde til himmels, og det var synleg til enden av jorda.

12. Lauvet var fagert og frukta rik; det gav føde til alle. Dyra på marka fann livd under det, og fuglane under himmelen heldt til i greinene. Alt liv fekk føde frå det.

13. I synene eg hadde medan eg låg på lega mi, såg eg ein heilag vaktar som kom ned frå himmelen.

14. Han ropa med høg røyst: Hogg treet ned, ¬skjer greinene av;snøy det for lauv, ¬kast frukta utover!Dyra under det skal rømaog fuglane flyga bort ¬frå greinene.

15. Lat berre rotstubben stå att ¬i jorda,i graset på marka,men bunden med lekkjer ¬av jern og kopar.Han skal vætast med dogg ¬frå himmelenog eta gras som dyra på marka.

16. Hans hjarta skal skapast om,så det ikkje meir ¬er eit menneskehjarta;eit dyrehjarta skal han få.Sju tider skal fara fram ¬over han.

17. Dette har vaktarane vedteke ¬i sitt råd,det har dei heilage avgjort ¬med sitt ord. Så skal alle som lever, sanna at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska. Han gjev det til kven han vil, og kan la den ringaste av alle menneske få det.

18. Dette var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde. Sei no du, Beltsasar, kva han tyder. For ingen vismann i riket mitt kan tyda han. Men du kan, for du har dei heilage gudars ånd i deg.»

19. Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar, stod ei stund som lama; tankane hans skræmde han. Då tok kongen til ords og sa: «Beltsasar, lat ikkje draumen og det han tyder, skræma deg.» Beltsasar svara: «Herre, gjev draumen måtte gjelda fiendane dine og tydinga motstandarane dine!

20. Treet du såg, var stort og sterkt. Toppen nådde til himmels, og treet var synleg over heile jorda.

21. Lauvet var fagert og frukta rik; det gav føde til alle. Dyra på marka heldt til under det, og fuglane under himmelen hadde reir i greinene.

22. Dette treet er deg sjølv, konge, stor og mektig som du er. Makta di har vakse og når til himmels, veldet ditt rekk til enden av jorda.

23. Konge, du såg at ein heilag vaktar kom ned frå himmelen og sa:Hogg treet ned ¬og øydelegg det!Lat berre rotstubben stå att ¬i jorda,i graset på marka,men bunden med lekkjer ¬av jern og kopar.Han skal vætast med dogg ¬frå himmelenog leva som dyra på markatil dess sju tider har fare fram ¬over han.

24. Når dette som Den Høgste har fastsett, kjem over min herre kongen, så tyder det, konge:

25. Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane, og med dogg frå himmelen skal du vætast. Sju tider skal fara fram over deg til dess du sannar at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska og gjev det til kven han vil.

26. Det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att. Det tyder at kongedømet atter skal vera ditt frå den tid du sannar at Himmelen har makta.

27. Konge, ta difor imot mitt råd! Riv deg laus frå syndene dine med rettferd og frå misgjerningane dine med sælebot mot dei som lid naud! Så skal lukka di vara.»

28. Alt dette hende med kong Nebukadnesar.

29. Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk ikring på taket av slottet i Babylon,

30. sa han brått: «Sanneleg, dette er det store Babylon, som eg med mi veldige makt har bygt til kongssete, til ære for min herlegdom!»

31. Før kongen endå hadde tala ut, kom ei røyst frå himmelen: «Til deg, kong Nebukadnesar, lyder desse orda: Kongedømet er teke frå deg.

32. Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane. Sju tider skal fara fram over deg til dess du sannar at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska og gjev det til kven han vil.»

33. I same stunda slo dette til. Nebukadnesar vart jaga bort frå menneska og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess håret voks og vart langt som ørnefjører, og neglene vart som fugleklør.

34. «Då tida var ute, lyfte eg, Nebukadnesar, augo mot himmelen, og eg fekk vitet mitt att. Eg lova og prisa Den Høgste og æra han som lever evig: Hans velde er eit evig velde,hans rike varer frå ætt til ætt.

35. Alle som bur på jorda,er for ingenting å rekna.Han gjer som han vil ¬med himmelhærenog med dei som bur på jorda.Ingen kan hindra han, ¬ingen kan seia:Kva er det du gjer?

36. I same stunda kom vitet mitt att, og eg fekk min herlegdom og glans tilbake – til ære for mitt kongedøme. Rådsherrane og stormennene mine leita meg opp. På nytt vart eg innsett i kongedømet mitt og fekk endå større makt enn før.

37. Eg, Nebukadnesar, lovar, prisar og ærar no kongen i himmelen. For alle hans gjerningar er rette og hans vegar beine. Han kan bøya dei som er hovmodige i si ferd.»