Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei rettane som apostlane har

1. Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?

2. Er eg ikkje apostel for andre, så er eg det i alle fall for dykk. For de er seglet på apostelembetet mitt i Herren.

3. Dette er mitt forsvar mot dei som dømer meg.

4. Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke?

5. Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?

6. Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida?

7. Kven er soldat på eigen kostnad? Kven plantar ein vingard utan å få eta av frukta? Eller kven gjæter ein buskap utan å drikka av mjølka frå denne buskapen?

8. Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova det same?

9. I Moselova står det: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsut for?

10. Er ikkje dette sagt med tanke på oss? Jau, det er for vår skuld det er skrive. For den som pløyer, skal gjera det med von, og den som treskjer, skal gjera det med von om å få sin del.

11. Har vi sått dei åndelege ting hjå dykk, er det då for mykje om vi haustar dykkar timelege ting?

12. Om andre har denne retten hjå dykk, skulle ikkje vi ha han endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.

13. Veit de ikkje at dei som gjer teneste i templet, lever av det som kjem inn til templet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som vert ofra?

14. På same måten har Herren fastsett at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.

15. Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg skriv heller ikkje no for å gjera krav på dei. Eg ville heller døy enn at nokon skulle ta frå meg dette som eg er byrg av.

16. For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å rosa seg av; det er eg nøydd til å gjera. Ve meg, om eg ikkje forkynner evangeliet!

17. Gjer eg det friviljug, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er meg pålagd.

18. Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet for inkje og ikkje nyttar dei rettar evangeliet gjev meg.

19. Endå eg er fri og ikkje træl for nokon, har eg gjort meg til træl for alle for å vinna så mange som råd.

20. For jødane har eg vore som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vore som ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova.

21. For dei som er utan lov, har eg vore som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov.

22. For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i det minste kan frelsa nokre.

23. Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg kan få del i det.

24. Veit de ikkje at på idrettsbanen er alle med og tevlar, men berre ein får sigersprisen. Spring då slik at de vinn prisen!

25. Ein idrettsmann må nekta seg alt. Han gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi ein uforgjengeleg.

26. Så spring eg ikkje utan mål; eg fektar ikkje som den som slår i lause lufta.

27. Men eg er hard med meg sjølv og tvingar kroppen min, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal verta funnen uverdig.