Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ekteskap og ugift stand

1. Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.

2. Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.

3. Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen.

4. Kona rår ikkje over sin eigen kropp, men mannen. Like eins rår ikkje mannen heller over sin eigen kropp, men kona.

5. Hald dykk ikkje frå einannan utan at de har vorte samde om det, for ei tid, så de kan leva i bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kan vera fråhaldande.

6. Dette er meint som eit løyve, ikkje som eit påbod.

7. Eg skulle ynskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine så, den andre så.

8. Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei vert verande som eg.

9. Men kan dei ikkje vera fråhaldande, så får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.

10. Dei som er gifte, byd ikkje eg, men Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin.

11. Men om ho skil seg, skal ho leva ugift, eller semjast med mannen. Og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.

12. Til dei andre seier eg – dette er mine ord, ikkje Herrens: Om ein kristen bror har ei vantruande kone, og ho samtykkjer i å bu saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne.

13. Og om ei kone har ein vantruande mann, og han samtykkjer i å bu saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen.

14. For den vantruande mannen vert helga ved kona, og den vantruande kona vert helga ved mannen fordi han er ein kristen bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.

15. Men vil den vantruande skilja seg, så lat han gjera det. I slike høve er ikkje ein kristen mann eller ei kristen kone bundne. Gud har kalla oss til fred.

16. For kva veit du, kone, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di?

17. Elles bør kvar og ein halda fram der Herren har sett han i livet, der han var då Gud kalla han. Denne føresegna gjev eg i alle kyrkjelydane.

18. Var ein mann omskoren då han vart kalla, skal han ikkje gjera noko med det. Var ein mann uomskoren då han vart kalla, skal han ikkje la seg omskjera.

19. Det har ikkje noko å seia om ein er omskoren eller ikkje, men om ein held Guds bod.

20. Kvar og ein skal verta verande i det kall han hadde då han vart kalla.

21. Var du træl då du vart kalla? Ta ikkje det så tungt! Men kan du verta fri, så vel heller det.

22. For den som var træl då Herren kalla han, han er Herrens frigjevne. På same måte har den som var fri mann då han vart kalla, vorte Kristi træl.

23. De er kjøpte, og prisen er betalt. Så vert ikkje trælar for menneske.

24. Ja, brør, kvar og ein skal verta verande i det stand han var i då han vart kalla, og han skal vera der for Gud.

25. Om dei ugifte har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera tru.

26. På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det vert verande ugift.

27. Er du bunden til ei kone, så prøv ikkje å verta fri. Er du ikkje bunden, så prøv ikkje å finna deg ei kone.

28. Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som det gjer, kjem til å møta mange vanskar, og eg ville gjerne spara dykk.

29. Men det seier eg dykk, brør: Tida er kort. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde,

30. dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje åtte det,

31. og dei som brukar det som er i verda, som om dei ikkje bruka det. For denne verda, slik ho er, går under.

32. Eg vil at de skal vera utan suter. Den ugifte har omsut for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera Herren til hugnad.

33. Men den som er gift, har omsut for det som høyrer verda til, korleis han kan vera kona til hugnad;

34. og så vert hugen delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsut for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på lekam og sjel. Men den gifte kvinna har omsut for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera mannen til hugnad.

35. Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje setja ei snare for dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast til Herren utan at noko dreg dykk bort.

36. Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med jenta si på sømeleg vis, fordi han er i si fulle kraft, då skal han, når så må vera, gjera som han vil: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det.

37. Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og har teke den avgjerda å la jenta vera som ho er, han gjer vel i det.

38. Så gjer den rett som gifter seg med jenta si, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.

39. Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren.

40. Men lukkelegare er ho om ho lever åleine, etter mi meining. Og eg trur at eg òg har Guds Ande.