Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Jesu Kristi apostel, og bror vår Sostenes

2. helsar Guds kyrkjelyd i Korint, de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla; vi helsar òg alle som kvar på sin stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre.

3. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Takk til Gud

4. Eg takkar alltid Gud for dykk, for den nåde han har gjeve dykk i Kristus Jesus.

5. I han har de vorte rike på alt, på all tale og all kunnskap;

6. vitnemålet om Kristus står då òg urikkande fast hjå dykk.

7. Difor vantar de ikkje noka nådegåve, medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg.

8. Han skal òg styrkja dykk til enden kjem, så de kan stå ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.

9. Gud er trufast, han som har kalla dykk til samfunn med Son sin, Jesus Kristus, vår Herre.

Ulike flokkar i kyrkjelyden

Åtvaring mot usemje

10. Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke.

11. For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk.

12. Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus».

13. Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?

14. Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,

15. så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn.

16. Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

Guds visdom og menneskevisdom

17. Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft.

18. For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

19. For det står skrive:Eg vil tyna visdomen hjå dei viseog gjera til inkjes klokskapen ¬hjå dei kloke.

20. Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?

21. For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.

22. For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,

23. men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap;

24. men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom.

25. For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

26. Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta.

27. Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar.

28. Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko,

29. for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud.

30. De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing,

31. så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.