Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Oppstoda

1. Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i.

2. Ved det vert de frelste dersom de held fast på det ordet eg forkynte – så sant de ikkje til fånyttes har kome til tru.

3. For fyrst og fremst overgav eg dykk det som eg sjølv hadde motteke,at Kristus døydde for syndene ¬våre etter skriftene,

4. at han vart gravlagd,at han stod opp att ¬tredje dagen etter skriftene,

5. og at han synte seg for Kefas ¬og deretter for dei tolv.

6. Så synte han seg for meir enn fem hundre brør på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre er avsovna.

7. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.

8. Og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.

9. For eg er den ringaste av apostlane, eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfylgt Guds kyrkje.

10. Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore fåfengd. For eg har arbeidt meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.

11. Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.

12. Men når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at dei døde ikkje står opp?

13. For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp.

14. Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus.

15. Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp.

16. For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp.

17. Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar.

18. Då er òg dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus.

19. Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.

20. Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna.

21. Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske.

22. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

23. Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem.

24. Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde.

25. For han skal vera konge til Gud har «lagt alle fiendar under hans føter».

26. Den siste fienden som vert tynt, er døden.

27. For «alt har han lagt under hans føter». Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er han som har lagt alt under han.

28. Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.

29. Kvifor lèt somme seg døypa for dei døde? Dersom dei døde ikkje står opp, kvifor lèt dei seg då døypa for dei?

30. Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen?

31. Ja, eg døyr kvar dag, brør, så visst som det er dykk eg kan rosa meg av i Kristus Jesus, vår Herre.

32. Var det berre med von for dette livet eg stridde mot villdyr i Efesos, kva hadde det gagna meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så «lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi»!

33. Far ikkje vilt! «Låkt lag øyder gode seder.»

34. Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.

35. Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?»

36. Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr.

37. Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.

38. Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.

39. Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk.

40. Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske.

41. Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.

42. Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg.

43. Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft.

44. Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam.

45. Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv.

46. Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege.

47. Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen.

48. Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera.

49. Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske.

50. Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom.

51. Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte,

52. i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.

53. For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom.

54. Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen.

55. Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger?

56. Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova.

57. Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

58. Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.