Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Israel i øydemarka, ei åtvaring for oss

1. Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet.

2. Alle vart døypte til Moses i skya og i havet,

3. og alle åt dei den same åndelege maten

4. og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.

5. Likevel hadde ikkje Gud hugnad i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka.

6. Desse hendingane peikar fram mot vår tid; dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, liksom dei hadde.

7. De må heller ikkje verta avgudsdyrkarar liksom nokre av dei. For det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa.

8. Lat oss heller ikkje driva hor liksom nokre av dei dreiv hor, så tjuetre tusen menneske fall på ein dag.

9. Heller ikkje må vi setja Herren på prøve, liksom nokre av dei gjorde, dei som vart drepne av ormane.

10. Og de må ikkje vera misnøgde og klaga, liksom nokre av dei gjorde, dei som vart drepne av tyningsengelen.

11. Det som hende dei, skulle vera til åtvaring; det er skrive til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne.

12. Difor må den som trur at han står, sjå til at han ikkje fell.

13. De har ikkje møtt noka freisting som menneske ikkje kan stå imot. Og Gud er trufast; han skal ikkje la dykk verta freista over evne; men han skal gjera både freistinga og utgangen slik at de kan halda det ut.

14. Difor, mine kjære, hald dykk frå avgudsdyrking!

15. Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier!

16. Velsignings-kalken som vi velsignar, gjev han ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi lekam?

17. Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam. For vi har alle del i det eine brødet.

18. Sjå på Israels-folket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret?

19. Kva meiner eg så? At avgudsoffer gagnar, eller at ein avgud er noko?

20. Nei, det heidningane ofrar, ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha samfunn med vonde ånder.

21. De kan ikkje drikka både Herrens kalk og kalken åt vonde ånder. De kan ikkje vera med ved Herrens bord og ved bordet åt vonde ånder.

22. Eller torer vi eggja Herren til harme? Er vi sterkare enn han?

Å vera fri i samvitet

23. Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp.

24. Ingen må søkja sin eigen bate, men det som batar den andre.

25. Alt som vert selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt.

26. «For jorda og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.»

27. Om ein vantruande bed dykk til seg, og de gjerne vil gå, så et med godt samvit alt som vert sett fram for dykk, utan å spørja etter.

28. Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje – for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld.

29. Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømast av annan manns samvit?

30. Om eg et dette med takk, kvifor skal eg då klandrast for det som eg takkar Gud for?

31. Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!

32. Lat korkje jøde eller grekar eller Guds kyrkje få noko å støyta seg på!

33. Eg prøver å vera alle til lags. Eg søkjer ikkje det som gagnar meg sjølv, men det som gagnar andre, så dei kan verta frelste.