Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kristen fridom og omsynet til dei veike

1. Når det gjeld kjøt som har vore ofra til avgudane, er det nok så at vi alle har kunnskap. Men kunnskapen gjer hovmodig; det er kjærleiken som byggjer opp.

2. Om einkvan meiner at han har kunnskap om noko, då veit han ikkje det han burde vita.

3. Men den som elskar Gud, er kjend av han.

4. Når det gjeld det å eta kjøt som har vore ofra til avgudane, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda; det er berre éin Gud og ingen annan.

5. Rett nok finst det, både i himmelen og på jorda, dei som vert kalla gudar, og det er jamvel mange slike «gudar» og «herrar».

6. Men for oss finst det berre éin Gud, Faderen. Av han er alle ting, og vi er skapte til han. Og for oss er det berre éin Herre, Jesus Kristus. Ved han er alle ting, og vi lever ved han.

7. Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et dette kjøtet som avgudsoffer, fordi dei til no har vore vane å dyrka avgudane. Så vert det veike samvitet deira ureint.

8. Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et.

9. Men sjå til at den fridomen de her har, ikkje fører dei veike til fall!

10. Om nokon ser at du som har kunnskap om dette, sit til bords i eit avgudstempel, vert ikkje då samvitet åt den veike påverka, så han et offerkjøt?

11. Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for.

12. Men når de såleis syndar mot brørne og sårar det veike samvitet deira, syndar de mot Kristus sjølv.

13. Dersom mat fører bror min til fall, då vil eg i all æve ikkje eta kjøt! For eg vil ikkje føra bror min til fall.