Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vend om til meg!

1. I den åttande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo, og det lydde så:

2. Herren har vore storleg harm på fedrane dykkar.

3. Du skal tala til folket: Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om til meg, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, så vil eg venda om til dykk, seier Herren, Allhærs Gud.

4. Ver ikkje lik fedrane dykkar som dei førre profetane forkynte for og sa: «Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om frå dykkar vonde ferd og dykkar vonde gjerningar!» Men dei høyrde ikkje og vørde meg ikkje, lyder ordet frå Herren.

5. Kvar er no fedrane dykkar? Og profetane, lever dei til evig tid?

6. Men mine ord og bod som eg baud tenarane mine, profetane, å forkynna, har ikkje dei råka fedrane dykkar? Så måtte dei venda om og seia: «Som Herren, Allhærs Gud, hadde sett seg føre å gjera med oss etter vår ferd og våre gjerningar, såleis har han gjort med oss.»

Ryttaren på den raude hesten

7. Den 24. dagen i den ellevte månaden – det er sjebat månad – i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo. Han sa:

8. Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar.

9. Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.»

10. Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.»

11. Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.»

12. Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?»

13. Og Herren gav engelen som tala med meg, gode og trøystande ord til svar.

14. Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda: Så seier Herren, Allhærs Gud:Eg er full av brennhugfor Jerusalem og Sion,

15. og stor er harmen minmot dei trygge heidningfolka;for då eg berre ¬var litegrann harm,gjorde dei ulukka større.

16. Difor seier Herren:Med miskunn kjem eg att ¬til Jerusalem.Der skal huset mitt byggjast,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud,og mælesnor skal strekkjast ¬over Jerusalem.

17. Rop ut på nytt og sei:Så seier Herren, Allhærs Gud:Atter ein gong skal ¬byane minefløyma over av det som godt er.Atter skal Herren ¬ha medkjensle med Sion,endå ein gong ¬velja ut Jerusalem.