Kapitler

  1. 1
  2. 2

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Haggai 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den 21. dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde så:

2. Sei til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til dei som er att av folket:

3. Er det enno nokon att av dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva tykkjer de om det no? Ser det ikkje smått ut?

4. Men no, ver frimodig og sterk, ¬Serubabel!lyder ordet frå Herren.Ver frimodig, ¬Josva Jehosadaksson,du øvsteprest!Ver frimodig, ¬alt folket i landet!lyder ordet frå Herren.Gå og arbeid, ¬for eg er med dykk!lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

5. Den lovnaden gav eg dykkdå de drog ut or Egypt.Og min Ande ¬bur imellom dykk.Ver ikkje redde!

6. For så seier Herren, ¬Allhærs Gud:Endå ein gong, ¬om ei lita stund,vil eg skaka himmel og jord,havet og det turre land.

7. Eg skjek alle folkeslag,så skattane deira kjem hit.Og eg fyller dette huset ¬med herlegdom,seier Herren, Allhærs Gud.

8. Sølvet er mitt, og gullet er mitt,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

9. Dette nye huset skal vertaherlegare enn det førre,seier Herren, Allhærs Gud.På denne staden vil eg gje fred,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

Ny velsigning frå Herren

10. Den 24. dagen i den niande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai, og det lydde så:

11. Så seier Herren, Allhærs Gud: Spør kva prestane lærer om dette:

12. «Om nokon ber heilagt kjøt i kappesnippen, og snippen kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller anna etande, vert då dette heilagt?» Prestane svara nei.

13. Så spurde Haggai: «Men om ein har vorte urein av lik og så kjem nær noko av dette, vert det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det vert ureint.»

14. Då tok Haggai til ords og sa: Såleis er det òg med desse menneska og dette folket i mine augo, lyder ordet frå Herren; og såleis er det med alt det dei gjer, og med det dei ofrar der; det er ureint.

15. Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel,

16. korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue.

17. Eg slo dykk med kornbrann og rust, med hagl over alt dykkar arbeid. Men ingen av dykk kom til meg, lyder ordet frå Herren.

18. Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til

19. om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt.Frå i dag vil eg velsigna.

Serubabel, Herrens utvalde

20. Andre gongen kom Herrens ord til Haggai den 24. dagen i same månaden, og det lydde så:

21. Sei til Serubabel, statthaldaren i Juda:Eg vil skaka himmel og jord.

22. Eg vil støyta ned kongsstolarog gjera ende ¬på mektige kongerikemellom folkeslaga.Eg vil øydeleggja ¬stridsvogneneog dei som køyrer dei.Hestar og hestfolk skal stupa;den eine skal falla ¬for sverdet åt den andre.

23. Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, vil eg ta deg, Serubabel Sjealtielsson, min tenar – lyder ordet frå Herren – og gjera deg til ein seglring; for deg har eg valt ut, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.