Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Det er ute med faste og botstid

1. I det fjerde styringsåret åt kong Dareios, den fjerde dagen i den niande månaden, kislev månad, kom Herrens ord til Sakarja.

2. Betel sende då Sareser og Regem-Melek og mennene hans for at dei skulle be Herren om nåde

3. og spørja prestane som gjorde teneste i huset åt Herren, Allhærs Gud, og profetane: «Er det så at eg skal gråta og fasta i den femte månaden, som eg har gjort i mange år?»

4. Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så:

5. Sei til heile folket i landet og til prestane: «Når de har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i samfulle sytti år, er det då meg de har fasta for?

6. Når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?»

7. Kjenner de ikkje dei orda som Herren forkynte gjennom dei førre profetane, den gongen folket i Jerusalem og i byane rundt ikring budde i fred og ro, då det budde folk i Negev og Sjefela?

8. Herrens ord kom til Sakarja, og det lydde så:

9. Så seier Herren, Allhærs Gud.Fell rettvise domar,og ver gode og miskunnsame, ¬kvar mot sin bror!

10. Far ikkje hardt frammot enkjer og farlause, ¬framande og armingar!Og ingen av dykk ¬må i sitt hjartatenkja ut vondt mot andre.

11. Men dei ville ikkje høyra; dei gjorde nakken stiv og øyro døve, så dei skulle sleppa å høyra.

12. Hjarta gjorde dei hardt som flint, så dei lét vera å høyra på lova og dei orda som Herren, Allhærs Gud, hadde sendt ved sin Ande gjennom dei førre profetane. Då kom det stor vreide frå Herren, Allhærs Gud.

13. Dei ville ikkje høyra når han ropa. Difor sa Herren, Allhærs Gud: Eg vil ikkje høyra når dei ropar.

14. Eg bles dei bort mellom alle folka som dei ikkje kjende. Landet låg audt etter dei, og ingen ferdast att og fram der. Såleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.