Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Bokrullen

1. Då eg lyfte augo att, fekk eg sjå ein flygande bokrull.

2. Engelen spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull som er tjue alner lang og ti alner brei.»

3. Så sa han til meg: Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Frå no av skal kvar tjuv rydjast ut etter det som står i bokrullen, og kvar den som sver, skal frå no av rydjast ut etter det som står der.

4. Eg sender ut forbanninga,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.Ho skal koma inn i huset ¬til tjuvenog inn i huset til densom gjer rang eid ¬ved mitt namn,og ho skal slå seg til ¬i huset deiraog øydeleggja det, ¬både treverk og stein.

Kvinna i efa-målet

5. Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.»

6. Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det som der kjem fram, er eit efa-mål.» Så sa han: «Dette er det ein kan sjå i heile landet.»

7. Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet.

8. «Dette er vondskapen,» sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga.

9. Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord.

10. Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med efa-målet?»

11. Han svara: «Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.»