Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jerusalem, kringsett og utfria

1. Eit domsord.Dette er Herrens ord om Israel, lyder ordet frå Herren, som spente ut himmelen og grunnla jorda og skapte ånd i mennesket:

2. Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem.

3. Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen.

4. Den dagen, lyder ordet frå Herren, vil eg slå alle hestane med vilske og ryttarane med vitløyse. Eg vil la augo mine vaka over Juda-ætta og slå alle hestane åt folka med blindskap.

5. Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud.»

6. Den dagen vil eg la hovdingane i Juda verta som ei glopanne i ein vedhaug og som ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda ut, til høgre og til venstre, alle folka rundt ikring. Men folket i Jerusalem skal framleis bu trygt i byen sin.

7. Herren vil fyrst berga telta åt Juda, så ikkje Davids hus og Jerusalems-buane får større ære enn Juda.

8. Den dagen skal Herren verna dei som bur i Jerusalem. Dei som snåvar, skal vera som David den dagen, og Davids hus skal vera som Gud, som Herrens engel framføre dei.

9. Den dagen skal det henda at eg prøver å gjera ende på alle dei folk som kjem imot Jerusalem.

10. Men over Davids hus og Jerusalems-buane renner eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge, og syrgja over han liksom ein syrgjer over einaste sonen, og klaga sårt over han liksom ein held klage over den fyrstefødde.

11. Den dagen skal syrgjehøgtida i Jerusalem vera like stor som syrgjehøgtida over Hadad-Rimmon i Megiddo-dalen.

12. Landet skal halda klage, ætt for ætt:Davids-ætta for seg ¬og kvinnene deira for seg,Natan-ætta for seg ¬og kvinnene deira for seg,

13. Levi-ætta for seg ¬og kvinnene deira for seg,Sjimi-ætta for seg ¬og kvinnene deira for seg,

14. alle dei andre ættene, ¬kvar for seg,og kvinnene deira for seg.