Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ljosestaken og vintrea

1. Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen.

2. Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.

3. Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»

4. Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?»

5. Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.»

6. Då tok han til ords og sa til meg:Dette er Herrens ord ¬til Serubabel:Ikkje med makt ¬og ikkje med kraft,men med min Ande,seier Herren, Allhærs Gud.

7. Kven er vel du, ¬du mektige fjell?Framfor Serubabel ¬skal du verta ei slette.Han skal føra fram ¬toppsteinen,medan dei ropar:«Nåde, nåde vere med han!»

8. Herrens ord kom til meg, ¬og det lydde så:

9. Serubabels hender ¬har tufta dette huset,og hans hender ¬skal fullføra det.Då skal du sannaat Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til dykk.

10. Ja, alle som har vanvørdtden dagen då det tok til ¬i det små,skal gleda seg når dei får sjåblyloddet i Serubabels hand.– Dei sju, det er Herrens augosom fer over heile jorda.

11. Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?»

12. Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?»

13. Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg.

14. Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»