Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. samla dei seg alle som ein på torget framfor Vassporten. Dei bad Esra, den skriftlærde, henta boka med Moselova, som Herren hadde gjeve Israel.

2. Og presten Esra bar fram lova for lyden, både for menn og kvinner og alle som kunne skjøna det dei høyrde. Det var den fyrste dagen i den sjuande månaden.

3. Han stod på torget framfor Vassporten frå tidleg om morgonen til midt på dagen og las opp or lova for mennene og kvinnene og alle som kunne skjøna det. Og heile folket lydde vel etter det som stod i lovboka.

4. Esra, den skriftlærde, stod på ein tram av tre, som dei hadde laga til det. På høgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Ma’aseja, og på venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam.

5. Esra slo opp boka så heile folket såg det; for han stod høgare enn dei andre. Med det same han opna henne, reiste alt folket seg.

6. Esra lova Herren, den store Gud, og folket lyfte hendene og sa: «Amen, amen.» Så bøygde dei kne og kasta seg ned for Herren med andletet mot jorda.

7. Levittane Josva, Bani, Sjerebja, Jamin, Akkub, Sjabbetai, Hodia, Ma’aseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan og Pelaja la ut lova for folket medan det stod der.

8. Dei las opp or Guds lovbok, stykke for stykke, og tolka det som vart lese, så folket skjøna det.

9. Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som lærte folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er helga til Herren dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova.

10. Så sa Esra til dei: «Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.»

11. Levittane roa folket. «Ver stille,» sa dei, «og syrg ikkje, for dette er ein heilag dag.»

12. Så gjekk alt folket bort. Dei åt og drakk, sende gåver og heldt ei stor gledehøgtid. For dei hadde skjøna det som vart sagt dei.

Israel held lauvhyttehelg

13. Dagen etter kom ættehovdingane i heile folket og prestane og levittane saman hjå Esra, den skriftlærde. Dei ville granska nøgnare det som stod i lova.

14. Då fann dei skrive i lova som Herren hadde gjeve Moses, at israelittane skulle bu i lauvhytter på høgtida i den sjuande månaden.

15. Dei skulle ropa ut og gjera kjent i alle byane sine og i Jerusalem: «Gå opp i fjellet og henta lauv av edle og ville oliventre, av myrt og palme og andre lauvrike tre, og lag hytter, som skrive står!»

16. Då gjekk folket ut og henta lauv, og dei laga seg hytter, kvar på sitt tak og i sitt tun. Det same gjorde dei i føregardane til Guds hus, på torget framfor Vassporten og på torget ved Efraims-porten.

17. Heile lyden som var komen heim att or fangenskapet, laga lauvhytter og budde i dei. Det hadde israelittane aldri gjort frå Josva Nunssons tid og til den dagen. Og dei var jublande glade.

18. Dag etter dag las Esra opp or Guds lovbok, frå den fyrste til den siste dagen. I sju dagar heldt folket helg og den åttande dagen ei høgtidssamling, som føreskrive var.