Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vanskar mellom jødane

1. På den tid kom mange menn og konene deira med sterke klagemål mot landsmennene sine, dei andre jødane.

2. Somme sa: «Vi og sønene og døtrene våre er mange. Lat oss få korn, så vi har noko å eta og kan berga livet.»

3. Andre sa: «Markene og vingardane og husa våre har vi sett i pant, så vi kunne få korn og stilla svolten.»

4. Atter andre sa: «Vi har lånt pengar på markene og vingardane våre, så vi kunne betala skatten til kongen.

5. Vi er då av same kjøt og blod som landsmennene våre, og våre born er som deira. Likevel må vi selja sønene og døtrene våre til trælar. Ja, nokre av døtrene våre har alt vorte vanæra. Og vi kan ikkje hindra det, fordi markene og vingardane våre høyrer andre til.»

6. Då eg høyrde klagemåla deira og det dei fortalde, vart eg brennande harm.

7. Etter at eg hadde tenkt over dette, tala eg stormennene og forstandarane til rettes og sa til dei: «De legg bører på landsmennene dykkar!» Så lyste eg til eit stort folkemøte mot dei

8. og sa: «Vi har, så langt vi kunne, kjøpt ut brørne våre, jødane, som var selde til andre folk. Men de sel landsmennene dykkar, så vi må kjøpa dei fri att.» Då tagde dei og visste ikkje kva dei skulle svara.

9. Så sa eg: «Det er ikkje rett det de gjer. Burde de ikkje heller ferdast i age for vår Gud, så dei andre folka, fiendane våre, ikkje skal få grunn til å spotta oss?

10. Eg og brørne mine og mennene mine har òg lånt dei pengar og korn. Lat oss stryka den skulda!

11. Lat dei i denne dag få att markene, vingardane, olivenhagane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar av pengar, korn, druesaft og olje som de har lånt dei.»

12. Dei svara: «Ja, vi skal gje det att og ikkje krevja noko av dei. Vi skal gjera som du seier.» Då kalla eg fram prestane, og med dei til stades lét eg hine sverja på at dei skulle halda lovnaden sin.

13. Eg riste jamvel brystlomma på kappa mi tom og sa: «Så skal det gå kvar mann som ikkje held denne lovnaden: Gud skal rista han ut or huset og eigedomen hans; så rist og tømd skal han verta.» Heile lyden sa: «Amen!» og dei prisa Herren. Sidan gjorde folket som dei hadde sagt.

Eit godt styre

14. Frå den dagen kong Artaxerxes sette meg til statthaldar i Judea, i dei tolv åra frå det tjuande til det trettiandre styringsåret hans, gjorde korkje eg eller frendane mine krav på det underhaldet som ein statthaldar har rett til.

15. Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt tunge bører på folket. Fyrst tok dei brød og vin frå dei og sidan førti sekel sølv. Jamvel mennene deira var harde med folket. Men det var ikkje eg; for eg hadde age for Gud.

16. Men eg var med og arbeidde på denne muren, endå eg ikkje åtte jord. Og alle mennene mine var samla til arbeidet der.

17. Hundre og femti mann av jødane og forstandarane åt ved mitt bord, forutan dei som kom til oss frå grannelanda våre.

18. Kvar dag gjekk det med ein okse, seks utvalde sauer og nokre fuglar, og kvar tiande dag ei nøgd med vin av alle slag. Alt dette kosta eg. Likevel gjorde eg ikkje krav på det underhald som statthaldaren har rett til. For arbeidet kvilte tungt på folket mitt.

19. Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg til godes alt det eg har gjort for dette folket!