Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Busetnaden i Jerusalem og Judea

1. Stormennene i folket busette seg i Jerusalem. Resten av folket kasta lodd om kvar dei skulle bu. Ein tiandepart skulle bu i Jerusalem, den heilage byen, og ni tiandepartar i dei andre byane.

2. Og folket rosa alle dei mennene som var viljuge til å busetja seg i Jerusalem.

3. Dette er dei hovdingane i landet som budde i Jerusalem, medan resten av folket og prestane, levittane, tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar budde i byane i Judea, kvar på sin eigedom og i sin by.

4. I Jerusalem budde nokre som høyrde Juda-ætta og Benjamins-ætta til.Av Juda-ætta: Ataja, son til Ussia, son til Sakarja, son til Amarja, son til Sjefatja, som var son til Mahalalel, ein av etterkomarane etter Peres,

5. og Ma’aseja, son til Baruk, son til Kol-Hose, son til Hasaja, son til Adaja, son til Jojarib, som var son til Sakarja, ein etterkomar etter Sjela.

6. I Jerusalem budde det i alt 468 våpenføre menn av Peres-ætta.

7. Av Benjamins-ætta: Sallu, son til Mesjullam, son til Joed, son til Pedaja, son til Kolaja, son til Ma’aseja, son til Itiel, som var son til Jesaja,

8. og så Gabbai og Sjallai, i alt 928 menn.

9. Joel, son til Sikri, var tilsynsmannen deira, og Juda, son til Hassenua, var den nest øvste leiaren i byen.

10. Av prestane: Jedaja, son til Jojarib, Jakin

11. og Seraja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, som var son til Akitub, forstandaren for Guds hus,

12. og brørne deira som gjorde teneste i templet, 822 i talet, og Adaja, son til Jeroham, son til Pelalja, son til Amsi, son til Sakarja, son til Pasjkur, son til Malkia,

13. og brørne hans, som var ættehovdingar, 242 i talet, og Amasai, son til Asarel, son til Aksai, son til Mesjillemot, som var son til Immer,

14. og brørne hans, i alt 128 våpenføre menn. Sabdiel, son til Haggedolim, var tilsynsmannen deira.

15. Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, son til Bunni,

16. og Sjabbetai og Josabad, som begge var levitthovdingar og stod for dei ytre gjeremål ved Guds hus,

17. Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, songmeisteren som røysta i med lovsongen når dei bad, Bakbukja, som kom nest etter han av brørne hans, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun.

18. I alt var det 184 levittar i den heilage byen.

19. Av portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, i alt 172.

20. Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle dei andre byane i Judea, kvar på sin eigedom.

21. Tempeltenarane budde på Ofel, og Sika og Gisjpa hadde tilsyn med dei.

22. Tilsynsmenn for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane etter Asaf, dei som song når det vart halde gudsteneste i Guds hus.

23. For kongen hadde gjeve føresegn om songarane og fastsett kva dei skulle gjera kvar dag.

24. Kongens rådgjevar i alle saker som galdt folket, var Petakja, son til Mesjesabel, ein av etterkomarane etter Serah, son til Juda.

25. Nokre av dei som høyrde Juda-ætta til, budde i landsbyar med marker ikring: i Kirjat-Arba og byane der ikring, i Dibon og byane der ikring, i Jekabse’el og landsbyane som høyrer til,

26. i Jesjua, Molada og Bet-Pelet,

27. i Hasar-Sjual, i Be’er-Sjeba og byane der ikring,

28. i Siklag, i Mekona og byane der ikring,

29. i En-Rimmon, Sora og Jarmut,

30. i Sanoah, i Adullam og landsbyane som høyrer til, i Lakisj med markene ikring, i Aseka og byane der ikring. Såleis hadde dei bustadene sine frå Be’er-Sjeba til Hinnom-dalen.

31. Dei som høyrde Benjamins-ætta til, budde i Geba, Mikmas og Ajja og i Betel og byane der ikring,

32. i Anatot, Nob og Ananja,

33. i Hasor, Rama og Gittajim,

34. i Hadid, Sebo’im og Neballat,

35. i Lod, Ono og Ge-Harasjim.

36. Av levittane var det nokre skift frå Judea som kom til å bu i Benjamin.