Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Muren kring Jerusalem vert oppattbygd

1. Eljasjib, øvstepresten, og brørne hans, prestane, gjekk no i gang og bygde Saueporten. Dei vigde han og sette inn dørene. Så heldt dei fram til Mea-tårnet og Hananel-tårnet, som dei òg vigde.

2. Jamsides med dei arbeidde mennene frå Jeriko og attmed dei Sakkur, son til Imri.

3. Fiskeporten vart bygd av mennene frå Sena’a. Dei tømra han opp og sette inn dører med lås og slå.

4. Jamsides med dei arbeidde Meremot, son til Uria og soneson til Hakkos, attmed han Mesjullam, son til Berekja og soneson til Mesjesabel, og så Sadok, son til Ba’ana.

5. Jamsides med dei arbeidde folket frå Tekoa; men stormennene deira bøygde ikkje nakken under arbeidet for herren sin.

6. Jojada, son til Paseak, og Mesjullam, son til Besodja, vølte Gamleporten. Dei tømra han opp og sette inn dører med lås og slå.

7. Jamsides med dei arbeidde Melatja frå Gibeon, Jadon frå Meronot og mennene frå Gibeon og Mispa, som høyrde inn under statthaldaren vestanfor Eufrat.

8. Jamsides med dei arbeidde gullsmeden Ussiel, son til Harhaja, og attmed han Hananja, ein av salveblandarane. Dei bygde opp att byen fram til Den breie muren.

9. Jamsides med dei arbeidde Refaja, son til Hur. Han var hovding over den eine halvparten av Jerusalems-området.

10. Attmed han, midt for sitt eige hus, arbeidde Jedaja, son til Harumaf, og så Hattusj, son til Hasjabneja.

11. Eit anna stykke av muren vart vølt av Malkia, son til Harim, og Hasjub, son til Pakat-Moab. Dessutan vølte dei Omnstårnet.

12. Jamsides med dei arbeidde Sjallum, son til Hallokesj, hovdingen over den andre halvparten av Jerusalems-området, og døtrene hans.

13. Dalporten vart vølt av Hanun og Sanoah-buane. Dei bygde han opp att og sette inn dører med lås og slå. Dei vølte bymuren heilt ned til Oskeporten, eit stykke på tusen alner.

14. Oskeporten vart vølt av Malkia, son til Rekab, hovdingen over Bet-Hakkerem-området. Han bygde opp att porten og sette inn dører med lås og slå.

15. Kjeldeporten vart vølt av Sjallun, son til Kol-Hose, hovdingen over Mispa-området. Han bygde opp att porten, la tak på han og sette inn dører med lås og slå. Han vølte òg muren frammed Sjelah-dammen ved kongshagen heilt bort til den troppa som går ned frå Davids-byen.

16. Bortanfor han arbeidde Nehemja, son til Asbuk, hovdingen over den eine halvparten av Bet-Sur-området. Han vølte muren ned til Davids-gravene, til den gravne dammen og til krigarhuset.

17. Lenger borte arbeidde levittane: Rehum, son til Bani, og attmed han Hasjabja, som stod for den halvparten av Ke’ila som han var hovding over.

18. Bortanfor dei arbeidde brørne deira: Bavvai, son til Henadad, hovdingen over den andre halvparten av Ke’ila-området,

19. og attmed han vølte Eser, son til Jesjua, hovdingen over Mispa, eit anna stykke, frå midt for oppgangen til våpenhuset i Kroken.

20. Etter han kom Baruk, son til Sakkai, som med stor iver vølte eit anna stykke, frå Kroken og til døra på huset åt øvstepresten Eljasjib.

21. Etter han kom Meremot, son til Uria og soneson til Hakkos, som vølte eit anna stykke, frå døra på huset åt Eljasjib og til enden av huset hans.

22. Lenger borte arbeidde dei prestane som budde nær Jerusalem.

23. Etter dei kom Benjamin og Hasjub, som arbeidde midt for sitt eige hus. Så kom Asarja, son til Ma’aseja og soneson til Ananja, som arbeidde frammed sitt hus.

24. Etter han kom Binnui, son til Henadad, som vølte eit anna stykke, frå huset åt Asarja til Kroken og Hjørnet.

25. Palal, son til Usai, arbeidde midt for Kroken og det tårnet som skyt fram frå den øvre delen av slottet ved vaktgarden. Etter han kom Pedaja, son til Parosj.

26. Tempeltenarane som budde på Ofel, vølte muren til midt for Vassporten i aust og det framskotne tårnet.

27. Så kom mennene frå Tekoa, som vølte eit anna stykke, frå det store og framskotne tårnet og til Ofel-muren.

28. Ovanfor Hesteporten arbeidde prestane, kvar framfor sitt eige hus.

29. Etter dei kom Sadok, son til Immer, som arbeidde midt for sitt hus, og etter han Sjemaja, son til Sjekanja, som hadde vakthaldet ved Austporten.

30. Etter han kom Hananja, son til Sjelemja, og Hanun, sjette sonen til Salaf, som vølte eit anna stykke, og så Mesjullam, son til Berekja, som arbeidde midt for romet sitt.

31. Etter han kom Malkia, ein av gullsmedane, som vølte muren fram til huset åt tempeltenarane og kjøpmennene, midt for Mønstringsporten, og vidare til Hjørnesalen.

32. Mellom Hjørnesalen og Saueporten arbeidde gullsmedane og kjøpmennene.