Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Nehemja fer til Jerusalem

1. Ein dag i nisan månad, i det tjuande året Artaxerxes var konge, vart det sett fram vin for kongen, og eg tok og rette han vinen. Eg hadde aldri før sett sturen ut når eg stod framfor kongen.

2. Då sa han til meg: «Kvifor er du så sturen? Du er då ikkje sjuk. Dette kan ikkje vera anna enn hjartesut.» Då vart eg svært redd

3. og sa til kongen: «Gjev kongen må leva evig! Lyt eg ikkje vera sturen når den byen der fedrane mine er gravlagde, ligg i røys, og portane er brende?»

4. Kongen spurde: «Kva er det du ynskjer?» Då bad eg til Gud i himmelen,

5. og eg sa til kongen: «Om kongen så synest, og du har godvilje for tenaren din, så lat meg få fara til Judea, til den byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.»

6. Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han, kor lenge ferda ville vara, og når eg kom att. Eg nemnde ei viss tid, og kongen tykte vel om dette og gav meg lov til å fara.

7. Så sa eg til kongen: «Om kongen går med på det, så lat meg få med brev til statthaldarane vestanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom landa sine til Judea.

8. Eg bed òg om brev til Asaf, han som har tilsyn med skogane åt kongen, at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane som fører inn til tempelborga, til bymuren og til det huset eg skal bu i.» Og kongen gav meg det. For min Gud heldt si gode hand over meg.

9. Så kom eg til statthaldarane vestanfor elva og gav dei breva frå kongen. Han hadde òg sendt hærførarar og hestfolk med meg.

10. Men då Sanballat frå Bet-Horon og Tobia, tenestemannen frå Ammon, fekk høyra dette, vart dei arge. Dei tykte det var harmeleg at det hadde kome ein mann som ville stella det godt for israelittane.

Nehemja ser på bymuren

11. Då eg kom til Jerusalem, heldt eg meg i ro i tre dagar.

12. Men så stod eg opp om natta og tok med meg nokre få menn. Eg hadde ikkje nemnt for eit menneske kva Gud hadde gjeve meg hug til å gjera for Jerusalem. Eg tok heller ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på.

13. Midt på natta drog eg ut gjennom Dalporten, framom Drakekjelda og til Oskeporten. Eg såg på Jerusalems murar som var nedrivne, og på portane som var brende.

14. Så reid eg over til Kjeldeporten og til Kongedammen. Men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg.

15. Same natta fór eg opp gjennom dalen og såg på muren, men snudde så om og kom attende gjennom Dalporten.

16. Forstandarane visste ikkje kvar eg hadde vore, eller kva eg tok meg føre. For eg hadde endå ikkje nemnt noko om dette til jødane, korkje til prestane eller stormennene, forstandarane eller dei andre som hadde med arbeidet å gjera.

17. Men no sa eg til dei: «De ser sjølve kor ille det står til med oss. Jerusalem ligg i røys, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger skal vera til spott og spe.»

18. Og eg fortalde dei korleis min Gud hadde halde si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Vi vil gå i gang og byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket med full kraft.

19. Men då Sanballat frå Bet-Horon, Tobia, tenestemannen frå Ammon, og Gesjem frå Arabia fekk høyra det, spotta og vanvørde dei oss. Dei sa: «Kva er det de gjer? Vil de gjera opprør mot kongen?»

20. Då svara eg: «Gud i himmelen, han vil la det lukkast for oss, og vi som tener han, vil gå i gang og byggja. Men de har ingen del og ingen rett i Jerusalem, og de skal ikkje få noko ettermæle der.»