Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Gjev du var min bror!

1. Å, gjev du var min bror,gjev du hadde soge brystet ¬åt mor mi!Då skulle eg kyssa degnår vi møttest der ute,og ingen vanvørde meg for det.

2. Så leidde eg deg ¬til huset åt mor mi,inn i koven åt ho ¬som fødde meg.Eg skjenkte deg kryddevinog saft av granatepla mine.

3. Hans venstre hand ¬er under mitt hovud,med den høgre ¬femner han meg.

4. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer:Kvi vekkjer de kjærleiken,kvi eggjar de han ¬før sjølv han vil?

Kjærleiken er sterk som døden

5. Kven er ho som kjem opp ¬frå øydemarka,stødd til sin ven?Under apalen vekte eg deg,der mor di hadde føderier,der ho fødde deg.

6. Set meg til eit segl ¬på ditt hjarta,eit segl på din arm!For kjærleiken ¬er sterk som dødenog mektig som dødsriket ¬i si trå.Han brenn som logande eld,han logar mot himmelen.

7. Vassflaumar ¬kan ikkje sløkkja kjærleiken,elvar kan ikkje fløyma han bort.Om einkvan ville gjealt han åtte for kjærleik,så vart han berre til narr.

Kva skal vi gjera med syster vår?

8. «Vi har ei lita syster,som enno ikkje har bryst.Kva skal vi gjera ¬med syster vårnår friarane kjem?

9. Er ho ein mur, vil vi byggjatindar av sølv på han.Er ho ei dør, ¬vil vi stengja hennemed ein sederplanke.»

10. Eg er ein mur,og mine bryst er som tårn.I augo hans har eg vortelik ei som finn fred.

Eg har min eigen vingard

11. Salomo hadde ein vingard ¬i Ba’al-Hamon.Den gav han til vaktmenn,og kvar skulle gje hantusen sekel sølv for frukta.

12. Eg har min eigen vingard.Dei tusen sekel er dine, Salomo,to hundre er til dei ¬som vaktar frukta.

Lat meg få høyra di røyst!

13. «Du møy som held til i hagane,venene lyder på deg.Lat meg få høyra di røyst!»

14. «Skunda deg, min ven,fly som gasellen ¬og den unge hjortover balsam-angande fjell!»