Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kor fagert du skrid fram ¬i dine skor,du gjæve hovdingdotter!Hoftene dine rundar seg ¬som ei sølje,smidd av kunstnarhand.

2. Fanget ditt ¬er som runde staupet,gjev det aldri må vanta vin!Magen er som ein kveitehaugmed liljer ikring.

3. Barmen er som to rådyrkalvar,tvillingar til ei hind.

4. Halsen din ¬er som eit elfenbeinstårn,augo som Hesjbons tjørnerved Bat-Rabbim-porten.Nasen liknar Libanon-tårnetsom skodar ut mot Damaskus.

5. Hovudet ris som Karmel,hårflaumen er som purpur.Ein konge er fanga ¬i dine lokkar.

6. Kor fager, kor yndefull du er,du mi kjære, du min hugnad!

7. Rakvaksen er du som palma,som druer er din barm.

8. Eg bed: ¬Lat meg stiga opp i palma,i greinene vil eg ta tak.Som druer på vintreet ¬vere din barm,din ande som angen av eple,

9. din munn som den finaste vin.«Lat han kveikja munnen ¬på min ven,lat han gli over lipper ¬og tenner!»

Kom, min ven!

10. Eg høyrer venen min til,og til meg står heile hans trå.

11. Kom, min ven! ¬Lat oss gå ut på markene!Om natta vil vi sova ¬under hennabuskar.

12. I otta går vi til vingardaneog ser om vintreet ¬har sett nye skot,om blomeknuppane ¬har opna seg,om granataplane blømer.Der vil eg gje deg min kjærleik.

13. Kjærleiksepla angar.Over vår dør ¬heng dei gildaste frukterav alle slag, nye og gamle.Til deg, min ven, ¬har eg gøymt dei.