Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. «Eg kjem til min hage, ¬mi syster, mi brur,og plukkar min myrra ¬og balsam.Eg et min honning ¬og mi honningkakeog drikk min vin og mi mjølk.»Ja, et og drikk, mine vener,og lat kjærleiken riva ¬dykk med!

Såleis er min ven

2. Eg søv, men mitt hjarta vaker.Høyr, min ven, han bankar på.«Lat opp for meg, mi syster,min hugnad, mi due,du lytelause, reine.For mitt hovud ¬er fullt av dogg,natta har vætt mine lokkar.»

3. «Eg har teke av meg kjolen,skal eg ta han på att?Eg har vaska mine føter,skal eg sulka dei til att?»

4. Min ven stakk handa inn ¬gjennom luka,då kløktest mitt hjarta ¬for hans skuld.

5. Eg stod opp, ¬ville opna for min ven;det draup myrra ¬av hendene mine,av fingrane rennande myrrasom vætte dørklinka.

6. Så opna eg døra for min ven,men min ven ¬hadde fare sin veg.Eg vart reint ifrå meg ¬fordi han var borte.Eg leita etter han, ¬men fann han ikkje;eg ropa på han, ¬men han gav ikkje svar.

7. Då møtte eg vaktmennenesom sveiv ikring i byen.Dei slo meg så eg fekk sår.Dei reiv sjalet av meg,vaktmennene på murane.

8. «Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer!Om de finn min ven,kva skal de då seia han?At eg er sjuk av kjærleik.»

9. «Kva er din ven framom andre,du fagraste av kvinner?Kva er din ven framom andre,sidan du naudbed oss så?»

10. Min ven er raudleitt og ljos,han skil seg ut ¬mellom ti tusen menn.

11. Hans hovud ¬er som det skiraste gull,og lokkane krusa, ¬svarte som ramnen.

12. Augo er som duerved rennande bekker.Dei laugar seg i mjølk,der dei kviler i sine holer.

13. Hans kinn ¬er som angande ¬blomesenger,der krydde-urter veks.Lippene er som liljer,dei dryp av rennande myrra.

14. Armane er som stavar av gull,sette med krysolittar,midja er ¬som ei elfenbeins-skive,prydd med safirar.

15. Leggene er som marmorsøyler,reiste på soklar av gull.Hans skapnad er som Libanon,traust som sedrane der.

16. Munnen er full av ynde,og hugnad er heile han.Så er min ven, ¬så er min kjære,de Jerusalems døtrer.